Mest aktive brukere »

Kultur.

Kjærleik, kort og konsum

KOS. Valentinerdagen er full av kjærleik, frå øvste fjell til nedre hule. Og alle stader imellom. – Det heile er jo ein kjærleiksfest, seier Elling Aarflot, studieleiar for reklame- og merkekommunikasjon ved Norges Kreative Fagskule. Illustrasjonsfoto: LINN HELMICH PEDERSEN

Valentinsdagen er så mangt. Røde roser, sjokolade, kjærleik, men også handelstanden sin dag til å tømme lommene dine.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 16.02.11 kl. 03.48

– Det blir som til jul. Ein tek ein vanleg leverpostei, kliner på med eit julemerke i fornamnet og sel boksen to kroner dyrare. Valentinsdagen er med på å gi handelsstanden mykje pengar, seier Elling Aarflot, studieleiar for reklame- og merkekommunikasjon ved Norges Kreative Fagskule.

Kommersialisert

Sjølv om dette er kjærleikens dag, meinar han likevel at den har mista mykje av betydinga si.

– Som dei aller fleste skikkane er valentinsdagen nesten ikkje til å kjenne att etter det opprinninga er. Som dei fleste skikkane, er denne overtatt av handelsstanden og jemna med jorda, seier Aarflot.

Torunn Selberg, professor i kultur- og religionvitskap ved UiB, meinar også at valentinsdagen er ei kommersiell greie som handelstanden og reklamebyråa tenar pengar på.

– Det er jo ein amerikansk skikk som handlar om kjærleik. Det er jo folk som tenar pengar på dette, men sånn er det med alt. Folk kan jo la vere å bry seg om slike skikkar, men sidan valentinsdagen har slått an så likar vel folk det, seier Selberg.

Feira dagen

PrøveRommet, som er ei multikunstnarisk hending, var ein av dei som valte å markere denne dagen på Kafe Knøderen. Koordinator Kirsti Aksnes meiner derimot ein bør hylla romantikken dagleg.

– Det er jo ein fin idè, men eg syns feiringa er blitt for hysterisk. Bør ein ikkje feira kjærleiken kvar dag, spør Aksnes.

PrøveRommet har arrangement annakvar mandag heile sesongen, så sjølv om datoen var tilfeldig, var planen for mandag likevel klar. Kjærleiken skulle stå i sentrum.

– Me måkte på med romantiske ting, effektar og DJ-en spelte snasne hits. Dagen hyllar kjærleiken, og me utfordrar begrepet kjærleik, både dei bra og dårlige sidene, seier Aksnes.

Ho seier og at det skjedde ting her som gjer at du ikkje trengte nokon å gå med.

– Eg er lei av folk som seier «Har du ikkje date? OMG!» Det syns eg er tåpeleg, seier koordinatoren.

– Ein manneting

Elling Aarflot trur valentinsdagen er spesielt for gutane.

– Eg trur det er ein manneting. At ein kjem med gåver og kjærleikserklæringar for å vinne kvinna sin gunst. Veldig mange kjøper sexy undertøy, gutane ser sjansen til å hinte frampå. Det heile er jo ein kjærleiksfest, seier Aarflot.

Finn Schjøll, blomsterdekoratør, er enig med Aarflot og syns også menn bør ta intiativet.

– Kvinner er ofte handlekraftige, så dette er menn si oppgåve. Men det er ikkje ein mal på dette lengre, det er likevel betre å gi ut ein blom enn å gå å vente på ein. Uansett er det teksten på korten som er det viktigaste, meiner Schjøll.

Som blomsterdekoratør og stor fan av valentinsdagen, meinar han blomar har ein sentral plass på dagen.

– Roser betyr kjærleik og blomar handlar om det vesle ekstra. Det blir ingen fest uten blomar.

Sjølv er Schjøll likevel meir opptatt av å sende kort på dagen.

– Eg sender kort, hyggelege kort, og håpar på det beste, viss du skjønnar kva eg meinar, ler «blomster-Finn».

VALENTINERDAGEN
  • Markerast 14. februar som ei feiring av kjærleik og romantikk.
  • Den kristne feiringa kan ha røter i romersk feiring av gudinna Juno, som representerte kvinner og ekteskap, og starten på Lupercaliafestivalen, ein fruktbarheitsfestival som begynte 15. februar.


Kjelde: wikipedia.no

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.