The Fix er det årvisse samarbeidet mellom EKKO-festivalen og Bergenfest, med fokus på elektronisk musikk. Etter eit fjorår der Kvarteret vart nytta som lokale, var mini-festivalen tilbake til der mange meiner den høyrer heime: på Verftet. Og rammen rundt det heile kunne knapt nok ha vore betre; strålande sol og varme, Bergen viser seg frå si vakraste side. Sinnsstemninga endrar med eitt karakter, eksamensangsten forduftar, alt som gjeld er det som skjer her-og-no, impulsen vinner over rasjonaliteten. Lykke. Og for ein kveld det blir!
Det er alltid eit spenningsmoment når ein har høgt akkumulerte forventingar om kor vidt dette vil bli innfridd. The Fix leverte frå første tone. Dette var fjerde gongen The Fix vart arrangert, og lista over artistar og band held alltid høg kvalitet. Lineupen i år var intet unntak. Heite artistar som Gold Panda og Mount Kimbie er naturlege å nemne, men det fantastiske med slike arrangement er oppdaginga av nye favorittar; band og artistar du har lite eller ingen kjennskap til, men som openbarer seg live. Tilfella av dette var mange.
Men først ut for denne meldar var autralske PVT (uttalast Pivot); kjent som eit fantastisk liveband. For enkelte var det også gjensyn ettersom gruppa spelte på EKKO-festivalen i fjor haust. Der leverte dei ein så bra konsert at bandet vart booka tilbake. Og trioen frå «down under» leverte varene nok ein gang.
Stadig fleire folk kjem no inn i det gamle industribygget, trykket utanfor som eksemplifiserast gjennom ei lang kø, teiknar til at kvelden enno er ung, mykje skal enno skje. Vidare, opp trappa, ned trappa, opp igjen, i alle romma er det no full aktivitet. Ny konsert. Gold Panda, briten som har treft tidsånda godt med sin elektroniske musikk, var eit av dei store trekkplastera under The Fix. Og blant underteikna sine «må-sjå-konsertar». Han skuffar ikkje. Den kritikarroste artisten gir publikum nok ei flott oppleving. Parallelt med dette spelar svenske Tiedye. Kredible kjelder roste dette opp i skyene, dessverre fekk ikkje denne meldar med seg den Göteborg-baserte duoen. Men slike ting går ikkje an å dvele ved, for etter ein kjapp visitt innom Wild Beast på Sardinen er det duka for New York-disco i form av Midnight Magic. Som kan oppsumerast med eitt ord: Magisk. Låten «Beam Me Up» har fått høg rotasjon hos mange DJ-ar det siste halve året, og kombinasjonen av blåsarrekke, ekte trommer, elektroniske element og ein vokalist som veit kva ho driv med, gjorde dette til ein høgst minneverdig opptreden. Når bandet avsluttar med nemnte låt er stemninga euforisk. Så Mount Kimbie – britane som opererer i eit slags post-dubstep landskap, om ein skal sette dei i bås, viser prov på kvifor dei vart henta til The Fix. Glasskår på bakken, vått golv, den drikkande menneskemengda blir løfta mot ein ny take-off. Vidare. Fantastisk dansemusikk frå Jessica 6 her, tropisk pop frå Bergens nye supergruppe Young Dreams der, dei gode opplevingane vil ingen ende ta. Kvelden avsluttast med eit ekstremt dansbart DJ-sett av Aeroplane.
Natt, folk går heim, vel vitande om at dei har vore vitne til det som vil stå tilbake som ein legendarisk kveld: One for the books.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.