Mest aktive brukere »

Konsert.

Profetar i eigen by

Tekst: SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 20.03.11 kl. 17.47

Øya-festivalen 2010: John Olav Nilsen & Gjengen spelar på den store scenen, Vika, i Middelalderparken. Området er smekkfullt, stemninga upåklageleg, John Olav Nilsen entrar til slutt scenen som sistemann, og første låt er i gang. Og det er allsong: alle syng med, på kav bergensk - sjølv dei som ikkje er etniske bergensarar skarrar på r-en i møte med gruppa. Og trass i at bergensdominansen var tydeleg under Øya-konserten, var den likevel eit tydeleg prov på at John Olav Nilsen & Gjengen eigde 2010.

Bandet har gjort lurt i å mjølke suksessen fra debutalbumet med ein oppfølgjar allereie året etter. Slik forblir dei ein del av den kollektive bevisstheita. Og slik kan dei hauste fruktene av debutalbumet viss låtar på mange måtar har fått klassikarstatus allereie. Ikkje minst er dei publikumsfavorittar. For var det ein ting som de facto kjenneteikna gårsdagens konsert på Verftet var det publikum si tilstadeverande kraft: Alle song med, høglydt og av full hals, parallelt med at halvlitarane vart heva (underteikna vart såklart offer for sølet som måtte oppstå). Sånn sett har John Olav Nilsen ei relativt enkel oppgave.

Første låt ut er opningssporet fra det seinaste albumet, låta «Lengsel i Luften». Og det var tydeleg ein higen og lengsel blant publikum etter Nilsen & Gjengen, som gjekk på scenen rundt klokka 22.30. Da hadde dei lokale heltane i rapgruppa A-Laget, samt indiepop-yndlingane i Razika varma opp. Sistnemnte leverte eit finfint cover av John Olav Nilsen & Gjengen sin «Slange».

Ei låt som «Diamanter og Kirsebær» burde det for lengst ha gått inflasjon i, men publikum er fullt og heilt med. Den påfølgjande «Hundeår» viser ei ny side av bandet, med sin synthbasis. Det er eit nytt element ved bandet eg likar.

Den fabelaktige «Piken med Sviket» utløyser eufori blant dei betalande, og eit kollektiv «Kjør oss opp!» runger ut i lokalet. «Eg ska kjøre en jente opp», svarar Nilsen, og låten «Emilie» begynner, til trampeklapp. Og med unntak av ein seanse der ein blant publikum finn det for godt å kaste ein halvliter på hovudpersonen, som reagerer med eit «Ka faen du vil, si kem du e!», rettar høgdepunktet fra det nye albumet, «Svarte Sko», opp stemninga.

Som ikkje-bergensar er det eit fascinerande skue å vere vitne til denne bergenske mentaliteten som rår under ein slik konsert. Eg tar meg sjølv i å tenkje at band som John Olav Nilsen & Gjengen må bidra til å forsterke lokalpatriotismen blant bergensarane her i byen. Den nærast seremonielle opplevinga der alle synger med, og kollektivismen som då oppstår, berre underbyggjer kva status Nilsen & Gjengen har fått.

Når det er sagt så var midtpartiet under konserten litt anonymt; kanskje gjekk litt av piffen ut av bandet, kanskje var det låtane som ikkje er sterke nok. Mykje av det hørest likt ut, og spora fra den nye fullengdaren evnar ikkje å overgå debutalbumet.

Likevel, all den tid fansen var så med som dei trass alt var, er det vanskeleg å vere særleg kritisk til det bandet leverte i går. Som livegruppe er det liten tvil om at dei er heidundrandes, og når herr Nilsen kastar trøya, og ei låt som «Ikkje Fåkk Med Kjærligheten» kjem ut av høgtalarane står det stjerneklart: John Olav Nilsen & Gjengen er profetar i eigen by.

John Olav Nilsen & Gjengen
USF Verftet
Laurdag 19.03.11

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.