Mest aktive brukere »

Konsert.

Rått av Rihanna

Bildetekst
Foto: JARLE HOVDA MOE

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 18.08.11 kl. 15.02

Robyn Rihanna Fenty, som ho eigentleg heiter, er ute på turne med sitt femte studioalbum. Rihanna er ein artist i verdsklasse og det nyaste albumet «Loud» er nettop eit bevis på dette. Det er skyfri himmel, Bergen på sitt beste. Folk ventar utolmodig og 45 minutt over tida kjem endeleg stjerna fram på scena. «Want you to make me feel, like I'm the only girl in the world», skrik Rihanna, og dei 22 000 frammøtte på Koengen gjer akkurat som ho seier. Showet held fram med låtar som «Disturbia», «Shut up and drive» og «Man down», medan publikum er med heile vegen.

Folk held koken medan Rihanna går att og fram på scena, og ein kan byrje å lure på om ho skal gå slik heile kvelden. I byrjinga er det lite kontakt med publikum og den for store buksa vert nok ein gong dratt opp der ho skal sitte. Så kjem det. Etter 30 minutt kjem ein stor rosa tanks fram på Koengen. «Who run this town tonight?», spør Rihanna, og det er ingen tvil om kven som er i sentrum i kveld. Ingen har nok sett noko liknande og jubelen er ikkje til å ta feil av: Dette er heilt rått.

Vokalen til Rihanna er det ingenting feil med, sjølv om den kraftige stemma trer best fram litt ut i konserten, då særleg på balladane «California King Bed» og «Love the way you lie». Konserten byggjer seg opp utover kvelden og Rihanna roper «Come on, Bergen», og heile Koengen skrik med. At dama som har toppa Billboard-singellistene ti gonger sidan 2005 endeleg står på Koengen, er nok magisk for mange.

Sjølv om det ikkje vart noko klesbyte utover kvelden fekk ein likevel sjå nok hoftevrikk og rumpe. Rihanna veit korleis ein spelar på sex og er ikkje redd for å vise seg fram, utan at det vert for mykje. Men alvoret kjem til slutt. Etter mykje dans og sveitte er det tid for å sette seg ned å hylle Noreg. Fem jenter får kome opp på scena med kvar sin blome og Rihanna delar dei ut til publikum, ein markering til støtte for dei som vart råka av terroråtaka. Deretter syng ho ein akustisk versjon av Bob Marleys «Redemption song» medan namna på alle dei omkomne etter tragedia rullar over storskjermen. Hender og lighterar går om ein annan i folkehavet, eit fantastisk augeblikk. Det er straks over for Rihanna for i kveld, og som avslutning fyrer ho opp med superhiten «Umbrella», til tross for at det ikkje var ein einaste paraply å sjå denne kvelden i regnbyen.

Sjå også bildeserie frå konserten 17.august.

Rihanna
Koengen
Onsdag 17.08.11

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.