Svenske The Radio Dept. (uttalast Radio Department) har dei seinare åra vore eit av denne anmeldaren sine store favorittband. Våre naboar i aust verkar å ha ei heilt eiga evne til å lage kvalitetsmusikk; kontinuerleg dukkar det opp nye, talentfulle band frå Sverige med ein umiddelbar popsensibilitet. The Radio Dept. er eit av desse.
The Radio Dept. er tross sine udiskutable kvalitetar eit relativt ukjent og undervurdert band her i Norge (og store delar av Europa for øvrig). Ukjent i den forstand at dei er nærast ignorerte av kritikarar her heime, og såleis har dei aldri nådd ut til eit stort publikum. I ei rettvis verd hadde The Radio Dept. vore eit større og meir kjent band, og spelt på ein større konsertarena enn Hulen. Men eit lokale som Hulen, der ein står inne i fjellet, er nok kanskje det rette elementet for The Radio Dept. å utfolde seg i; for all den tid musikken er som den er, hadde den nok ikkje gjort seg på ei større scene. Dette viser også bandet si arv, shoegaze-influerte som dei er, blir dei noko introverte på scena. Ein får liksom ingen store overraskingar.
Og klientellet: dei som gjesta Hulen fredag kveld var tydelege fans, og viser at svenskane, trass alt, har ein hengiven, om enn liten, fanskare blant indie-elskarane her i Norge. For det å lytte til The Radio Dept er på alle måtar ei høgst indie-esque oppleving. Alt i frå produksjon til innspeling av plater er gjort på den mest eksemplariske gjer-det-sjølv-måten, på rommet til bandmedlemmane, og viser såleis gruppa si opponering mot det kommersialiserte og strømlinjeforma som har ein tendens til å gjennomsyre ein stor del av dagens popmusikk.
The Radio Dept. opna konserten med «I Don't Like This», gjort kjent gjennom filmen «Marie Antoinette» (tre Radio Dept.-låtar var å finne på soundtracket), og som umiddelbart sette standarden. Sofia Coppola skal ha ein stor del av æra for å ha løfta dette fantastiske bandet ut av obskuriteten. Og når flotte spor som «1995» og «Heaven's on Fire» kjem ut av høgtalarane, er dei gode døme på kva som gjer Radio Dept til eit unikt band: symbiosen av synthpop, sølete fuzz og tilbakelent psykedelia, med Johan Duncanson sin kviskrande, knapt-tilstadeverande vokal, følest substansielt og ektefølt – og alltid med litt ungdomsnostalgi i seg, som utvilsamt er ein del av sjarmen med bandet:
«1995 is missing buses, It's walking 15 miles to see your love, It's knowing you're alive through all the fuzz, It's never coming down from going up».
«And though I'm happier now I always long somehow. Back to 1995»
Nydelege «Pulling Our Weight» er grinevakker og eit av høgdepunkta. Og med dei to siste låtane «Never Follow Suit» og «Why Want You Talk About It», vart det ei verdig avslutning. Likevel, med 12 spor og ein ca times lang opptreden, var nok mange, inkludert underteikna, sugne på meir. Det heile føltest litt for kort, men tida flyg som kjent i gode veners lag. Uansett; å få høre The Radio Dept. i Bergen, var intet mindre enn magisk.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.