Eg har alltid hata ungdomsromanar. Dei skal alltid handla om alt det dramatiske tenåringar går gjennom, om barnevern, fedre som slår, spiseforstyrringar, sjølvskading, sjølvmord og det å vera håplaust forelska, og at det gjerne fører til graviditetar og abort. Og så er det dei detaljerte sex-skildringane. Drittbøker. Joda, visst er det slitsomt å vera ungdom og alt det der, men det finst verre ting i verda. Og slik verkar det ikkje i desse overdramatiske ungdomsromanane.
Difor var det med ein stor dose ironisk distanse eg sette meg til å lesa «Vi som aldri sa hore». Og boka passar perfekt inn i kriteria mine for ein klassisk ungdomsroman. Den handlar om tre gutar på rundt 20 år frå Falköping, og om det som har skjedd dei siste åra. Kort oppsummert: barnevern, fedre som slår, eteforstyrringar, sjølvskading, sjølvmord, håplaus forelsking, abort og ikkje minst detaljerte sex-skildringar. Men så kjem det rare: Eg hatar den ikkje.
Riktignok føler eg eit sterkt ubehag ved å lesa, men ikkje det same som eg har opplevd før. Då var det eit meir kleint ubehag. Ubehaget ein får av «Vi som aldri sa hore» er meir ekte. På ein måte føler eg meg som om eg er sytten igjen. Det smarte forfattar Ronnie Sandahl har gjort, er å la karakterane fortelja om alle klisjeane retrospektivt, og dermed har også dei distansert seg litt frå alt det tåpelege. Samstundes vert all sjølvskadinga, aborten og barnevernet nedtona litt, og Sandahl maktar faktisk å bruka dette til å få fram meir grunnleggjande ting, som einsemd og usikkerheit. Ting ein kan relatera seg til, som ikkje er så forferdeleg dramatisk.
«Vi som aldri sa hore» er altså det eg trudde ikkje fanst; ein ganske god ungdomsroman. Men den er framleis ein ungdomsroman. Og med mindre ein verkeleg vil kjenna på ubehaget av å vera sytten og føla seg usikker, så treng ein ikkje lesa denne boka.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.