– Vi tar utgangspunkt i kvalitetsfilmar i perioden. I tillegg vil vi vise lokale og nasjonale filmar, opplyser Elisabeth Halvorsen, ansvarleg for Bergen Filmfest.
Utanom filmane står mellom anna debatt, føredrag og samtalar med såvel utenlandske som heimlege filmregissørar, på programmet.
Mikal Olsen Lerøen, filmekspert i P2-programmet «Mørkets opplevelser», gleder seg over at det blir høve til å møte nokre av folka bak filmane. Ahn Hung Tran, regissøren av «Norwegian Wood» og Ounie Lecomte, som har regissert det koreanske dramaet «Et helt nytt liv», vil vere tilstades i Bergen under filmfesten.
– For oss som kinogjengarar er det kanskje ikkje så viktig, men det er er ei fjør i hatten til Bergen Kino, meiner Olsen Lerøen, som ser særleg fram til å høyre Frode Grytten og nemnde Lecomte.
– Svært lovande
Frode Grytten er henta inn for å halde ein kortversjon av føredraget hans «Mens vi ventar på Murakami», som han skreiv til Murakami-festivalen i Oslo i fjor. Bakgrunnen for at Grytten børstar støvet av føredraget er filmatiseringa av «Norwegian Wood», ein av den japanske forfattaren sine mest populære bøker.
Grytten fortel at han ikkje har fått sett filmen enno, men har like fullt store forhåpningar.
– Eg har sett 10 minutt av han, og det verkar svært lovande. Dessverre fekk eg ein så dårlig kopi av filmen at eg skrudde av. Men det såg fint ut, det er ein stødig og god regissør, seier Grytten, som ser fram til å få sett heile «Norwegian Wood» under Bergen Filmfest.
Sjeldan filmatisering
Murakami er svært tilbakehalden med å la bøkene sine bli filmatisert, men har gjort eit unntak for «Norwegian Wood». Av naturlege grunnar, ifølgje Grytten:
– Det er den mest reindyrka og realistiske bok han har skrive, og er lettast og mest naturlig å filmatisere. Dei andre romanane hadde tapt for mykje på å miste Murakami si evne til å sette det realistiske opp mot det surrealistiske.
Grytten meiner at filmregissørar generelt burde tenkje seg grundig om før dei bestemmer seg for å filmatisere ein roman. Og klisjéen «boka er betre», står ifølgje han godt ved lag.
– Det er særs få tilfelle der filmen kan måle seg med romanen. Ei bok inneheld så mykje meir, og eg meiner mange regissørar gjer feil når dei tar utgangspunkt i romanar. Dei burde heller ta utgangspunkt i noveller, seier den prisvinnande forfattaren.
– Kjempekjekt
Olsen Lerøen, også kjent kjent som programleiar i det fordoms TV-programmet «Filmplaneten» på NRK, rosar den nye filmsatsinga frå Bergen Kino.
– Først og fremst er det fint at det blir ei spissing av kinotilbodet, som kan hjelpe til å løfte fram kvalitetsfilm. Det er viktig at publikum får hjelp til å orientere seg i kinolandskapet, meiner Olsen Lerøen, og held fram:
– Det er ekstremt viktig at der finst ein arena der kvalitetsfilmar blir sett i fokus. Hollywood-filmar, gode så vel som dårlige, har jo dei største ressursane og får distribuert filmane til eit stort publikum. Derfor er det bra at Bergen Kino opnar for dei mindre, men like fullt gode filmane også.
Filmeksperten synest det er flott at det er konseptuelle filmfestivalar også utanom den årvisse Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF), som går av stabelen kvar haust.
– Det er deilig at det er ei happening på den andre sida av BIFF, der det blir moglegheit til å sette fokus på god film. Dette blir kjempekjekt, trur Mikal Olsen Lerøen.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.