Mest aktive brukere »

Kultur.

Mannen bak musikken

TRAVEL. Sjølv om arbeidet går utover fritida, har han etter kvart lært seg å seie nei. – Eg har innsett at eg ikkje kan gjere alt eg har lyst til, seier Mikal Telle. Foto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Ei brikke i utviklinga av millionsuksessar som Röyksopp og Annie. Manager og plateselskapsmann. Mikal Telle er ifølge mange Bergen sin viktigaste musikkperson.

Tekst: SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 26.01.11 kl. 01.48

– Hei, sorry for at eg er sein.

– Det er heilt i orden. Vi har ikkje venta så lenge.

Vi har ein avtale kl 13.00. Mikal Telle kjem ti minutt etter. At Telle er ein travel mann er ikkje vanskeleg å forstå. Det kan verke som om han er involvert i alt som skjer av spennande musikk i Bergen, som grunnleggar av det som kanskje var Norges beste plateselskap, og som manager for ein ny generasjon bergensband.

Vi setter oss ved eit kafébord. Mikal Telle går bort til disken og kjøper ei cola.

Det er ikkje dette vi skal snakke om, men eg må nesten spørje: Kor mykje pengar brukar du på cola i året?

Mikal tenkjer seg om, og gjer eit anslag.

– Eg bruker nok mellom 20 og 30 tusen kroner i året. Eller vent, i snitt er det nok fem colaflasker per dag, av og til åtte – nei, det blir nok opp i mot 40.000, seier han med eit smil.

I opposisjon

I 1995 starta Mikal Telle som 18-åring platebutikken Primitive Records. Det skulle bli starten på noko stort.

– Tidleg på 90-talet fekk eg vener som dreiv med skating og alternativ elektronisk musikk. Eg vart tidleg opptatt av subkulturen, medgir Mikal.

Miljøet rundt Primitive Records vart eit samlingspunkt for det som etter kvart skulle utvikle seg til plateselskapet Tellé Records. Med inntektene frå «Den Elleville Festen» - som var eit stort klubbarrangement på Kvarteret - vart Tellé Records fødd i 1998. Og Mikal kunne gi ut dei første sjutommarane på labelen. Gjennom platebutikken distributerte han musikken til utlandet.

– Vi stod i opposisjon til musikken i Norge, og var meir inspirert av det som føregjekk internasjonalt. Det var så mykje bra musikk i miljøet som vi berre måtte få ut, fortel Telle.

Internasjonal suksess

Då han gav ut «Tellé Samleplate» i år 2000, var det ei utgjeving som skulle prege norsk musikkliv gjennom heile tiåret. Stadig fleire fekk etter kvart auga opp for den alternative musikkscena i Bergen: Röyksopp selde millionar av plater og vart ein MTV-gjengangar, Kings of Convenience klimpra seg gjennom Europa, og Annie vart pop- og bloggfavoritt.

Sjølv satt Mikal Telle igjen utan å ha tent ei einaste krone på nokon av artistane. Store internasjonale plateselskap hausta fruktene av suksessen, men Telle er ikkje bitter, sjølv om han meiner dei store plateselskapa er for profittfokusert.

– Tanken bak Tellé var eigentlig aldri å bli eit plateselskap, det var å drive butikk og pushe musikk. I utgangspunktet visste vi ingenting om å drive eit plateselskap, men det vart etter kvart ein del av prosessen, fortel han.

– Har lært

Økonomien har vore eit tilbakevendande problem for Tellé Records.

– Det har vore 15 år som har gått veldig opp og ned. Eg har tatt lærdom av ein heil del.

– Kva har du lært?

– Kanskje først og fremst bruken av pengar, det har ikkje alltid vore like profesjonell styring av økonomien. Og at eg må avgrense tidsbruken min, eg har lært meg å seie nei til ting eg rett og slett ikkje har tid til å gjere.

– Men glascolaen seier du aldri nei til?

– Eg har fleire gonger gjort halvhjerta forsøk på å slutte, utan hell. Eg ønskjer ikkje å slutte heilt, men heller trappe ned. Det har på ein måte blitt sigaretten min, og eg burde skjerpe meg. Det er klart det er ein uvane, vedgår Telle.

Colaflaska er tom, og Mikal Telle må haste vidare i sin travle kvardag.

– Kor lenge vil du halde på?

– Eg er heldig som får drive på med det eg likar best. Å vere manager er yrket mitt, det er det eg gjer.

Mikal Telle
  • Starta platebutikken Primitive Records då han var 18 år.
  • Fekk Bergen kommune sin kunstnarpris i 2002.
  • Har drive DJ-konseptet Hot!Hot!Hot! saman med Asle «DJ Asel» Bakke Brodin på Landmark og Strædet.
  • Er i dag manager for mellom anna John Olav Nilsen & Gjengen, Young Dreams, Razika og The New Wine.
  • Feirer 15-års jubileum for Tellé Records 10. desember med fest på Café Opera der mellom anna Young Dreams og Razika skal opptre.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.