Gia Tuong Tran, styreleiar for Medisinerforeningen i Bergen, meinar at utdelinga av støtta frå Kulturstyret (KS) kan bli skeivfordelt fordi styret ikkje har nok innsyn.
– Me har ikkje nokon som representerar oss i styret og ingen veit kor mykje me gir igjen til studentane og kan gå god for at me treng pengane, fortel ho.
Gøran Thengs, leiar for KS, meinar Tuong Tran ikkje treng å bekymre seg, og oppfordrar heller medisinstudentar til å søke på stillingar i styret neste gang.
– Det er jo berre tolv medlemmar i styret, så det hadde blitt vanskeleg om alle fakultet skulle vore representert. Me prøver å få ein god balanse, men eg er heilt ueinig i at det får nokre konsekvensar, seier Thengs.
KS-leiaren forsikrar at balanse er viktig.
– Me har fokus på jamnfordeling. No har eg ikkje sete i valkomiteen, men eg veit at det er fokus på å inkludere forskjellige institusjonar og ha lik kjønnsfordeling, poengterar han.
Gia Tuong Tran, styreleiar for Medisinerforeningen i Bergen, meinar at utdelinga av støtta frå Kulturstyret (KS) kan bli skeivfordelt fordi styret ikkje har nok innsyn.
– Me har ikkje nokon som representerarar oss i styret og ingen veit kor mykje me gir igjen til studentane og kan gå god for at me treng pengane, fortel ho.
Gøran Thengs, leiar for KS, meinar Tuong Tran ikkje treng å bekymre seg, og oppfordrar heller medisinstudentar til å søke på stillingar i styret neste gang.
– Det er jo berre tolv valgte medlemmar i styret, så det er vanskeleg å representere alle institusjonar og fakultet. Det er jo heilt avhengig av kven som stiller til verv, og eg vil heller oppfordre medisinstudenter til å stille. Me prøver å få ein god balanse, men eg er heilt ueinig i at det får nokre konsekvensar, seier Thengs.
KS-leiaren syns det er merkeleg at kritikken frå Medisinerforeningen kjem no.
– Kritikken frå Medisinerforeningen er litt uforståeleg – dei har verken kommentert tildelinga frå i fjor eller benytta seg av klageretten, og dette kjem sju måneder seinere, seier han.
Tuong Tran meinar det bør vere fleire nyansar i KS, og at innsyn i forskjellige organisasjonar kan vere viktig.
– Det bør absolutt vere meir variasjon. For oss er det vanskeleg å få støtte frå eksterne fordi det er veldig få alternativ. Me treng alle dei midlane me søker om, fortel ho.
Men det er ikkje berre Medisinerforeningen som treng pengar. Jon Hågan Fjelland, leiar for Aktive Studenters Forening (ASF), fortel at støtten frå KS er svært vesentleg.
– Den er avgjerande for vår satsing på enkelte områder. Kutt i støtta ville definitivt påverka programmet vårt. Det ville betydd færre store bookingar og mindre satsing på våre underkonsept, noko som ville gått kraftig utover breidden i kulturtilbodet for studentane, seier Fjelland.
Han vil ikkje ein gong tenke på kva som skjer om dei ikkje får dei pengane dei treng.
– Eg forventar at me minimum får den støtta me har fått tidlegare. Korleis det går om me ikkje får såpass ønsker eg ikkje å spekulere i. Me treng dei pengane, og det ville vore svært uforutsigbart om KS plutseleg kutta støtten. Me er ein seriøs organisasjon som brukar pengane på ein fornuftig måte, og det synest eg me burde lønnast for, fortel ASF-leiaren.
Kven som får kva er framleis ikkje kjent, men frå 28. februar kan organisasjonane byrje å få midlane dei treng.
– Det er budsjettert med litt over ein million kroner til utdeling. Søknadsfristen som er 15. februar, gjelder drifts- og tidsskriftsstøtte – dette er den viktigste støtten me yter, seier KS-leiar Thengs.
Han fortel at det er eit stort spekter av organisasjonar som søker, men at KS går etter fastlagte statuttar når dei delar ut pengane.
– Det pleier å vere veldig stabilt frå år til år. Mandatet er fastlagt frå Velferdstinget og søknadane blir behandla ut i frå statuttane som fastset skjønnsmessige vurderingskriterier, seier KS-leiaren.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.