Mest aktive brukere »

Kultur.

Meir fokus på unge talent

SENTRALISERTE MIDLAR. I 2009 gjekk berre 9 prosent av statens midlar til filmproduksjon til regionale senter. Dette vil filmutvalet endre. Foto: LINN HELMICH PEDERSEN

Bergensregionen vil bli utfordraren innan film i Noreg. Kanskje blir det «Talent Vest» som avlar den neste store filmskaparen.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 02.03.11 kl. 02.05

Torsdag 24. februar la Filmutvalet fram sin rapport for byråden i Bergen. Utvalet har utarbeidd forslag til bransjeutviklande tiltak som skal styrke filmbransjen i regionen. Irmelin Nordahl, dagleg leiar i Vestnorsk filmsenter, er nøgd med jobben filmutvalet har gjort.

– Ofte er det veldig stort fokus på filmen og sjølve filmprosjektet. Me vil ha meir fokus på menneska bak filmen, me vil løfte enkeltmenneske vidare, ikkje berre gå frå prosjekt til prosjekt, fortel Nordahl.

Eit av tiltaka filmutvalet la fram er eit eige utviklingsprogram ved Vestnorsk filmsenter, «Talent Vest», som skal vere ei individretta ordning for kreatørane innan regi-, manus-, og produsentrollane.

– Det fins ingen ordningar for å komme inn i bransjen i dag. I kvar filmprosess burde det vere plass til fleire, slik at ein kan kople nye talent med dei som allereie er etablert i bransjen. Dette vil me forhåpentlegvis klare i «Talent Vest», seier Nordahl.

Filmbyen Bergen

Kulturbyråd Harald Victor Hove er imponert over filmutvalets rapport.

– Eg synst det var ein veldig spanande rapport. Filmutvalet har ein tydeleg ambisjon om å løfte Bergen til nye høgder. Det var mange realistiske mål, også økonomisk sett, seier Hove.

Byråden seier at det var nokre punkt i rapporten han vart overraska over.

– Det at det var mykje fokus på unge filmskaparar var overraskande, men positivt. Det er tydeleg at ein ynskjer å ta ansvar for unge talent. Kanskje me burde satse meir på den formelle filmutdanninga i Bergen, slik at det blir enda eit ledd i talentsatsinga, men dette er noko me må undersøke nærmare, seier Hove.

– Ofte gløymt

Ragnhild Sørheim, som studerar film- og TV-produksjon ved UiB, trur eit tiltak som «Talent Vest» blir viktig for filmmiljøet i Bergen.

– Miljøet for filmskaping i Bergen er veldig lite, og det er vanskelig å komme inn. Mange ynskjer å vere her, men det er få som greier seg og ofte må ein pendle til Oslo for å få jobb, seier Sørheim.

Studenten trur Bergen har potensiale for å bli ein stor filmby, men at den ofte blir gløymt.

– Dersom eit slik tiltak blir gjort, vil det vere lettare å få kontakt med dei rette folka, og treninga blir meir verkeleg, meiner Sørheim.

Men om «Talent Vest» blir ein realitet er enno usikkert. Kva tiltak som blir vedtatt er framleis ukjent, men byråd Hove kan garantere for at noko vil talentsatsinga uansett få.

– Pengar kan eg garantere. Me skal legge fram saka for bystyret i april, og i juni veit me kva ambisjonar politikarane har, og kva tiltak som skal bli gjort, seier Hove.

Dag Elgesem, leiar for Institutt for informasjons- og medievitenskap ved UiB, ville ikkje uttale seg om saka til Studvest.

FILMUTVALET
  • Byråd for kultur i Bergen kommune, Harald Victor Hove, utnemnte i september 2010 eit utval som skulle gi anbefalingar om filmpolitiske tiltak.
  • Mandatet til utvalet var å kome med anbefalingar om kva Bergen kommune bør gjere for å sikre eit godt filmmiljø i regionen.
  • Torsdag 24. februar la utvalet fram rapporten sin for byråden.
  • Medlemmane av utvalet er: Martin Smith-Sivertsen, Jan Aksel Angeltvedt, Skule Eriksen, Anne Magnussen, Elin Sander, Kjersti Steinsbø og Gunnar Vikene.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.