Monteé sitt første album var velfortent kritikarrost: Beståande av lettbeint, lys og fengande dansepopmusikk, der bassen til Maya Vik (ein bass er som kjent det mest sexy ei kvinne kan ikle seg) var Gud og programmeringa Jesus.
At Oslo-gruppa sin nye fullengdar «Rendition Of You» ikkje inneber noko paradigmeskifte, er altså heilt greit, all den tid dei held fram med å lage sofistikert og intelligent popmusikk. Opningslåta «Faith» har saman med den suverene fjorårssingelen «Ghost» fått høg rotasjon på radio den seinare tida. Og dei to smakebitane var heldigvis ikkje noko blaff. For om Montée evnar å lage fengande radioformatvennlige låtar, viser dei også prov på at dei beherskar albumformatet: 11 popsensible låtar som klarer å stå som ein integrert entitet.
Der den spelemannsvinnande debutplata «Isle of Now» projiserte hedonistiske og smarte 70-80-talls-influerte dansepoplåtar, framstår «Rendition of You» som storebroren: større, betre og smartare. Det er som om jovialiteten går hand i hand med pretensiøsiteten og ambisiøsiteten.
I programmet «Trygdekontoret» førre veke var temaet det norske klassesamfunnet, og dertil spørsmålet om høgkultur versus lågkultur. Problemet oppstår når «feil folk» tileignar seg preferansane til kultureliten. Med det til følgje at motreaksjonen oppstår, og kultursnobbane strebar etter andre og nye verdiar. Nettopp denne dimensjonen er også eit kjenneteikn i musikken, der ein bestemt type musikk berre kan nytast av ei viss gruppe menneske (les: folk som har peiling på bra musikk), medan dei andre er uvitande og utan «rett» kunnskap. Om Montée har stått litt for ein slik elitistisk appell, vil det vere fortent om «Rendition of You» også når massene.
«Staying Up»: Tidsriktig disco-lefling, men likevel med popelementa som basis; eit sublimt refreng som løftar låta til nye høgder. «Crystal Shore»: Rolig og sval pop i ordets beste forstand, som å vasse i strandkanten ein fin sommardag. «Souvenir»: psykedeliske synthspiralar, men med stakkato funkriff. Og sjølv om dei siste låtane ikkje når heilt opp til dei øvrige spora, er det liten tvil om at Montée har levert ein klar kandidat til årets norske popalbum.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.