The Little Hands of Asphalt (LHoA) si oppfølgjingsplate, «Floors», heldt fast ved stilen frå debutplata: Indiepop med ei skjør mannsstemme. Dette er ikkje den typen musikk eg nemner først når eg snakkar om eigen musikksmak. Musikken er ofte så tynga av rørsler at eg blir redd for å bli assosiert med den.
Men det finst langt verre ting ein kan assosierast med, og uansett fjernar LHoA frykta eg har for å assosierast med indiepop. «Floors» opnar lystig med «New Beginnings» og held fram med kanskje det beste sporet på albumet, «Fault Lines». Etter dette utviklar albumet seg til eit meir nedstemd og veldig fint verk, men det er kanskje litt for tidleg. Dei siste seks songane høyrest bra ut, men dei formidlar ikkje den same gleda som ein finn i byrjinga av albumet. Eg skulle gjerne sett gleda frå dei første songane noko jamnare fordelt ut over resten av albumet, det hadde gjort opplevinga av albumet endå betre.
Ikkje minst hadde dette gjort det til eit meir gledeleg album, ikkje berre vakkert slik det er no. Lydbiletet høyrest rikare ut enn det var på debutplata og trass eit framleis skranglete lydbilete er det eit fint lydbilete, og det kler LHoA strålande. Sjur Lyseid si stemme er særeigen og tek litt tid å venne seg til. Særskilt når ein høyrer den over eit heilt album, men «Floors» er eit betre og meir tiltalande album å høyre på enn det «Leap Years» var.
Stemma er fint og velbalansert pakka inn i det musikalske verket. Samstundes veks albumet etter å høyrt det eit par gongar. Sakte, men presist arbeidar det seg inn under huda di. LHoA hentar fram små solstrålar til eit småsurt Bergen med sludd i lufta. Og dei får det til å høyrest veldig bra ut.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.