Drivan er designaren og musikaren Kim Hiorthøy sitt nye bandprosjekt. «Disko» heiter albumet, utan at eg heilt skjønnar kvifor – dette er nemleg spartansk popmusikk, totalt nedstrippa for alt som har å gjere med det ein forbinder med disko som sjanger. På vokal har Hiorthøy fått med seg tre svenske venninner, som bidreg til den dempa stemninga som er gjennom heile albumet.
Så til sjølve plata. Ved første gjennomlytting verkar dette først og fremst som sær, og ganske så utilgjengeleg, popmusikk, det skal denne anmeldaren også vedgå. Du får ikkje høyre nokon av desse låtane på radio for å seie det sånn (P3 må gjerne motbevise det). Men så er det nok heller ikkje det Kim Hiorthøy vil med denne utgjevinga. Snarare vil han nok utforske albumkonseptet; ti låtar, alle ganske like i henhold til oppbygging, tematikk og utforming, med alt det innebærer.
Samtlege spor må nemleg vike for Hiorthøy sitt minimalistiske grep. Meir spesifikt vil det seie naive melodilinjer og instrumenttraktering på grensa til det overforenkla. Med andre ord: Ingen klare singelspor og komande hitar. For styrken til dette albumet ligg nemleg i det som kjem fram etter fleire gjennomlyttingar. Og denne haldbarheita, i motsetning til det flyktige og forbipasserande, manifesterer seg kanskje tydelegast i albumets beste spor «Det gör ingenting» - som grensar til popmagi. Enkel, men likefullt suggererande og vakker melankolsk, i all sin simplisitet. Den har sågar ei tynn Carola-referanse med tekstlinja «fångad i en stormvind», utan samanlikning for øvrig. Men nettopp det tekstlege universet er gjenstand for ein del absurde fraser, mellom anna eit eller anna om å bake små trøyer inn i eit brød, eller om at ingen bur i campingvogn - heile vegen akkompagnert av den evigvarande melankolien.
Alt det ovannemnte kan ein sjølvsagt ha innvendingar mot, og tidvis blir det nesten litt for mykje av denne less is more-tanken for underteikna også. Men samtidig er det vanskeleg å ikkje la seg imponere av den konseptuelle tilnærminga, og gjennomføringa av dette: Melankolsk popmusikk utan krav til store låtarrangement; likefullt idiosynkratisk og vakker, på ein litt merkelig måte.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.