90–tals–housen har på mange måtar fått sin renessanse dei siste åra. I alle fall om ein legg den sofistikerte klubbmusikken sine kriterie til grunn. Anten det er lefling med disco, dub, techno - det har vore eitt kjenneteikn på tidsriktig dansemusikk: 90–talet er tilbake (skjønt; ikkje bokstavleg talt, musikktrendar går alltid i bølgjedalar, noko nurave–fenomenet er det beste dømet på i nyare tid).
Frå der leiast tankane til Andrew Butler sitt house-prosjekt Hercules and Love Affair (HLA), som tre år etter debuten er tilbake med ein ny fullengdar. For er det ein ting HLA ikkje kjem utanom, er det referansane til fordoms amerikansk dansemusikk. Men der forgjengaren var ein pastisj over New York si klubbscene, er «Blue Songs» meir ein hyllest til Chicago–housen på slutten av 80–talet. Samanlikninga med debutalbumet er vanskeleg å utelate, all den tid dette var ein tour de force innan 70–tals–influert disco (som manifestert gjennom den fabelaktige Antony Hegarty–gjestande singelen «Blind»).
Ei låt av eit slikt format manglar på «Blue Songs», som framstår som mindre raffinert og heilstøypt i uttrykket. Dei sterkaste HLA–spora er dei som er mest truverdige mot inspirasjonskjeldene. Låt nummer to, «My House» er eit potensielt house–anthem, og den beste retrolåta her; det er så ein formeleg ser Chicago-houselegenden Franke Knuckles nikke anerkjennande. Medan «Falling» også held seg på den rette sida av sjangerhyllesten. Det er desse som blir ståande att som dei mest minneverdige låtane på ei noko ujamn plate. Særleg midtpartiet er av anonym art, og ingen av spora (nedtona og rolige som eit par av dei er) festar seg i hjernebarken. Ei heller valet av vokalistar – med Antony Hegarty friskt i minne – er like sterkt som ved førre krossveg.
Albumet avsluttast med ein coverversjon av Sterling Void sin (synge)house-klassikar «It's All Right», som for å oppsummere tidslinja bakover til ein svunnen æra. Men i møte med originalen fell den gjennom. Såleis er den ei grei oppsummering på «Blue Songs» sine feil og manglar: Ein konseptuell og fiks idé, som dessverre ikkje lukkast heilt.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.