Peter, Bjorn and John sin «Young Folks» fra 2006 var ei låt så umiddelbar, så tilgjengelig, og så catchy, at alle, einkvar og mor di, berre måtte like den. I ettertid har den for underteikna blitt ståande som ein av dei kanskje beste poplåtane fra det førre tiåret.
No, fem år etter «Young Folks» og albumet som inneheldt denne – det finfine «Writers Block» – kjem svenskane med sitt sjette album. Men om trioen trefte den musikalske tidsånden den gongen, følest bandet i desse tider litt passé. Ikkje at Peter, Bjorn and John har blitt dårlege, det er berre det at i eit musikalsk internettsamfunn med hyppige trendskifte, er det ei stor utfordring å halde seg aktuell. Powerpop ispeidd klassisk 60-tals barokk-pop og element av new wave var original rundt nemnde hitlåt, ikkje fullt så mykje no. Og i jungelen av svenske kvalitetsgrupper – The Radio Dept., JJ, Studio – følest ikkje dei tre herremennene så viktige lenger.
Førre album «The Living Thing» var ei litt mørkare affære av bandet. Det var heller ikkje i nærleiken av å bli ein så stor internasjonal hit som «Writer's Block». «Gimme Some», som den nye fullengdaren heiter, følest naturlig å samanlikne med sistnemnde album, all den tid 2011-utgåva av Peter, Bjorn and John markerer ein retur til dei melodiske poprøtene som kjenneteikna dei. Dette formatet kler dei betre.
Likevel, kjensla av fordoms tid og deira vesle blaff av fame, gjer seg umiddelbart gjeldande i møte med opningslåta «Tomorrow Has To Wait» og singelen «Second Chance». Dette har du høyrt før, og det er ikkje minst gjort betre tidlegare av samme gruppe. «Down Like Me»: garagerock-aktige element gjennomsyrer låta, men utan den nødvendige idiosynkrasien. Og nettopp særpreget er denne gang nærast fraværande for svenskane – det liknande er gjort betre av eit band som Vampire Weekend.
Sistesporet «I Know You Don't Love Me» er ikkje så verst, men det er dessverre for seint: Peter, Bjorn and John anno 2011 kjem nok ikkje til å prege det musikalske landskapet nemneverdig.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.