Bergensgruppa Real Ones er no ute med sin tredje fullengdar. Gruppa er på mange måtar eit klassisk «slitarband», og i jungelen av bergensband har Real Ones kanskje ikkje vore av dei som har fått mest merksemd. Men historia er full av døme på band som ikkje har fått den anerkjenninga dei fortener. I desse Spellemann-tider, kan det derfor vere på sin plass å nemne at gruppa fekk prisen for beste popband i 2008. Tre år etter er dei altså tilbake. Og landskapet dei opererer i ber ikkje preg av eit musikalsk hamskifte – det er framleis pop/rock som er sjangeren. 60-talsinfluert som sådan, og inspirasjonskjeldene frå fordoms musikalske epokar gjer seg gjeldande.
Deler av albumet har visstnok blitt spelt inn i India. «Do It Anyway» ber preg av det orientalske møtet: Sitar-traktering innleier låta, som har eit gjennomgåande austleg preg. Førstesingelen «Sister To All» med Susanne Sundfør som gjestevokalist (som først og fremst er artist, dernest kvinne også denne gongen), står fram som albumets beste spor.
Utover desse låtane er referansane til 60-talet det kanskje mest iaugefallande. «Evolution» gir umiddelbare assosiasjonar til Love anno «Forever Changes», og det psykedeliske preget over plata berre forsterkar heilskapsinntrykket av eit album som har røter i fortida. Både gitartraktering og vokalharmoniar er på plass, og det heile lyder fint. Midtpartiet framstår derimot som litt for anonymt til at underteikna klarer å elske det – joda, det er pent, men noko av det følest litt «safe».
Dronerocken i siste låt, den ti minutt lange «Endless Night», blir som tittelen kan implementere litt for langtekkelig til at den blir interessant. Det er først og fremst dei tidlegaste spora som er mest tonegjevande på ei alt i alt fin plate, som likevel manglar litt på å nå dei heilt store høgdene. «First Night on Earth» er umiddelbart popsensibelt, lett å bli glad i, men i blant får ein likevel ei kjensle av at det er einsformig - og det store særpreget uteblir.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.