Sommar. I det eg sit og hører på The Roots' nye album, «How I Got Over», er dette den første umiddelbare følelsen. Den av sommar; sol, varme og sommarpils – dette må vere eit perfekt album for slike anledningar, tenker eg, medan regnet høljar ned ute.
Men nok om det. Sinnsstemningar sett til side, så har dette blitt eit riktig så bra album, med ein veldig heil følelse – dette er ei skive utan klare singelspor, men i staden ein fullengdar som krev start-til-mål-lytting – noko som er med på å styrke haldbarheita, om ikkje enkeltspora skiljer seg nemneverdig ut.
Eg var litt skeptisk på førehand, eg tilstår det. Grunnen til det er at The Roots, sidan førre album, har blitt fast husband på det ganske middelmådige talkshowet Late Night with Jimmy Fallon. Men fordommane, eller skepsisen, eg hadde overfor at dette ville forringe kvaliteten eller fokuset, forsvinn ganske raskt. Rett nok tar det aldri av på nokon spor, men det heile er behagelig og fint. Det verkar tvert imot som at den nye rolla deira har hatt ein positiv effekt på veteranane frå Philadelphia. For sjølv om The Roots har fjorten år i gamet og ein dedikert tilhengarskare, har dei først og fremst blitt sett på som eit liveband. «How I Got Over» – deira tiande album – viser derimot at dei også har klart å overføre litt av denne energien til studio. For å plukke opp tråden frå innleiinga, så trur eg fleire låtar frå denne skiva ville passa som hand i hanske til ein jamsession på Vamoose, sjølvsagt med hovudpersonane tilstades.
Lyrisk kretsar det i stor grad rundt sosialrealisme. Rappar Black Thought er ein dyktig ordsmed og ein samfunnsbevisst herremann. Temaer som modernitet og eksistensialisme, akkompagnert av ei sjangerblanding beståande av alt i frå jazz, soul og indie, viser ei modig gruppe. Og nettopp det å inkorporrere alle desse elementa – som manifestert gjennom fleire ulike ikkje-hiphop-aktørar (Dirty Projectors, Monsters of Folk, Patty Crash og Joanna Newsom) – og samtidig få det til å passe saman, er godt handverk. Og gjer meg trygg på at vi endå ikkje har hørt det siste frå denne gruppa.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.