Etter tre kritikarroste EP-ar – som kollektivt sett står attende som noko av det beste fra plateåret 2010 – er det med høgt akkumulerte forventingar at den pop-elektroniske wunderkinden James Blake no debuterer med sin første fullengdar. Blake står på mange måtar i spissen for ein ny generasjon musikarar, med utspring i London si undergrunnsscene, inspirert av både dubstep, soul og r&b. «James Blake» er ei symbiose av alt dette.
Hypen James Blake er nesten umogleg å komme utanom. 22-åringen har mottatt nær unison hyllest for sin eksperimentelle dubstep. Særleg gjeld dette albumet sin førstesingel – den nydelige Feist–coveren «Limit To Your Love» – som på ein særeigen måte klarer å kombinere ein konvensjonell pianomelodi med dubstep-element. Og det heile lyd duvande deilig. Det mest oppsiktsvekkande med denne coverversjonen er James Blake sin vokal. Mannen viser at han er velsigna med fantastisk stemme. Alt dette gjorde at forhåpningane mine var store.
Likevel, ved dei første gjennomlyttingane var eg svært ambivalent, eg klarte liksom ikkje heilt å gripe låtane, og var, når sant skal seiast, litt skuffa. Bleik Blake, tenkte eg, det var ikkje heilt dette eg hadde venta meg, jamfør dei føregåande utgjevingane. I så måte er dette albumet eit godt døme på at ting ofte tar tid, og at den umiddelbare kjensla ikkje nødvendigvis stemmer med heilheitsinntrykket til slutt. For sjølv om det James Blake gjer kanskje ikkje er så unikt som mange vil ha det til, er det ingen som gjer det betre enn han kva originalitet og evner angår.
Albumet vekslar mellom tidvise dubstep-rytmer, popsensibel vokal og akustisk instrumenttraktering. Høyr berre på ei låt som «Wilhelm Scream», som går frå det rolige, til ein nærast Wall Of Sound–aktig affære. Vakkert.
I det heile kjennest det substansielt å lytte til James Blake, som at dette er noko viktig. Det seier noko om det enorme potensialet til 22-åringen. Sjå ikkje vekk frå at James Blake blir ein av dei store når plateåret skal oppsummerast.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.