Mest aktive brukere »

Kultur.

Narkokaos i Vestlandshallen

NARKOTRANCE. Fleire overdose-tilfelle prega Tiësto-konserten. - Det er dumt dersom nokon skal øydelegge for mange, seier konsertarrangør Thomas Solhaug. Foto: Nestland

Rave, GHB, overdose og DJ Tiësto. – Når du samlar 7000 personar på ein stad vil slikt forekomme uansett, seier arrangør Thomas Solhaug.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 29.09.10 kl. 00.18

Solhaug sit att med eit positiv inntrykk av Tiësto-konserten. Arrangøren, som har kjent Tiësto i ti år, seier at han aldri har sett artisten så nøgd før.

Bekymra i forkant

Sjølv om vakthaldet kom heilt frå Oslo, og blir karakterisert som «dei beste gutta i Noreg» av arrangøren, meinar Solhaug likevel at folk alltid vil klare å smugle med seg narkotika inn på konsertar.

– Sånt skjer over alt. Tiësto er ikkje spesielt for folk som likar å ruse seg. Me var litt bekymra i forkant fordi på Vestlandet er det mykje tull. Det er beklagelig at folk ikkje klarar å oppføre seg, seier arrangøren.

Sjølv om det på eit tidspunkt var snakk om å avbryte konserten, er Solhaug glad for at den fekk halde fram.

– Det er dumt dersom nokon skal øydelegge for mange. Det at folk tek GHB er det største idiotiet som finst, det er ingen spøk, meinar Solhaug.

Udopa rock

Frank Nes, dagleg leiar i Bergen Live, meinar rusproblem er ein del av risikoen når du arrangerar ein slik type prosjekt.

– Når du lagar ein risikoplan må du vere førebudd på slikt. Tiësto representerar store utfordringar, og dop må bli tatt med i HMS-opplegget når du arrangerar eit slikt prosjekt, seier Nes.

Den daglege leiaren i Bergen Live seier at dei har vore heldige på sine konsertar og vore skåna mot store rusproblem. Han meinar at forskjellen mellom rock og trance har litt å seie.

– Rockefolk drikk øl, går på konsert og går heim. Tiësto blir meir nattklubb, og folk er der over lengre tid. Då er det lett å feilberegne rus og alkohol, seier Nes.

– Rett forbi vaktene

Sjur Kristian Gimmestad, student ved Høgskulen i Bergen, var på Tiësto-konserten. Han meinar at rus på trance-konsertar er meir vanleg enn på andre arrangement.

– Eg trur det ligg litt i namnet å vere rusa på slike arrangement, å vere i transe. Det at konsertane varar så lenge gjer at folk ofte må ta noko for å halde ut heile natta, meinar studenten.

Gimmestad meinar at vaktholdet må vere strengare under slike arrangement.

– Vaktene var strengare i starten har eg høyrt, men så vart dei slappe. Me kom ganske seint og me gjekk berre rett forbi, seier Gimmestad.

TIËSTO
  • Lørdag 18. september spelte Tiësto konsert i Vestlandshallen i Bergen for 7000 tilskodarar.
  • Ein god del hadde fått med seg GHB og ecstasy inn.
  • Ifølgje Åsane Tidende tok seks personar overdose, 20 personar måtte ha førstehjelp og mange kollapsa som følgje av narkotikabruk.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.