Mest aktive brukere »

Kultur.

Radiojenter i støtet

TRIO. Cecilie Foss, Alisa Larsen og Anette Basso er enige om at dei i radioen har ein flat leiarstruktur, og blir det ueinigheitar avgjer dei det med handbak. Foto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Det nye studentradioprogrammet «Dønn i Støtet» har målet klart: — Alt har eit soundtrack, og det skal me bevise, seier programleiar-jentene.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 30.03.11 kl. 01.53

– Dønn i støtet er eit bergensk uttrykk. Da er man energisk og man eiger, det er ein god ting å vere.

Radioprogrammet består av Anette Basso, Cecilie Foss og Alisa Larsen. Dei tre jentene er også involvert i UPOP, som er Bergens første og einaste alternative kultur- og utelivsmagasin på nett, og den erfaringen tek dei no med seg til radioen.

– Me spelar musikk, har forskjellige innslag og tek for oss uteliv, og knyter dette opp mot eit tema så langt det lar seg gjere, seier Foss.

– Mottoet vårt er at alt har eit soundtrack, og det er dette me skal vise. Her vil me mikse både gammalt og nytt, legg Basso til.

Radioprogrammet, som foreløpig skal sendast ut semesteret, har fått gode tilbakemeldingar allereie etter ei sending.

– Me har fått thumbs up og folk høyrer at me er engasjerte og brenn for den musikken me spelar, seier Alisa. Alle tre er enige om at det var overraskande lett å halde snavla gåande i ein time.

– Me har ofte for masse musikk som me vil spele, og det var ikkje noko problem å få kjeften i gang, seier Basso.

Fokus på musikk og uteliv

Marius Kjørmo, ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen, trur jentene vil gjere ein god jobb framover.

– Me fekk anbefalt desse jentene og eg trur dei kan gje lyttarane god informasjon om kva som skjer i kulturlivet framover, seier Kjørmo.

Han seier at dei hadde eit visst ønske om kva programmet skulle handle om, men at jentene var med på å lage handlingsplanen.

– Programmet som gjekk på same tidspunkt før, fokuserte på musikk og uteliv i Bergen, så da var det eit ynskje om at dette skulle ta for seg det same, seier den ansvarlege redaktøren.

Jentene, som aldri har jobba innan radio før, synest det var eit adrenalinkick å vere på lufta og ser ikkje vekk frå at radio kan vere framtida.

– Me har jobba med formidling tidlegare, så ein skal aldri utelukke noko. Dersom nokon vil kjøpe oss opp, skal me ikkje legge oss ned og grine, ler dei tre jentene.

Har trua på radio

UiB-student Ole Christian Gjevik hyllar radioen og høyrer ofte på studentane sin kanal.

– Eg har ikkje høyrt om dette programmet, men eg høyrer på studentradioen når eg har tid. Eg trur det er mange som høyrer på, men kanskje ikkje heile tida, seier Gjevik.

Han utelukkar ikkje at han kjem til å høyre på «Dønn i Støtet», men har eit par betingingar.

– Viss dei presenterar alternativ musikk på ein god måte og underhalder meg, er det ikkje utenkeleg at eg kjem til å høyre på, seier studenten.

DØNN I STØTET
  • Er eit radioprogram laga av Anette Basso, Cecilie Foss og Alisa Larsen.
  • Sendast på Studentradioen kvar tirsdag klokka 13.00.
  • Tek for seg musikk, uteliv og konsertar.
  • Tema utover våren blir mellom anna skating, karaoke, Satan og jente-DJ-ar.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.