– Det er berre tilfeldigheiter som gjer at programmet ikkje er klart enno. Vi vil ikkje annonsere noko når det ikkje er endeleg spikra. Men vi har absolutt kontroll, seier Vegard Tryti, president i Bergen Realistforening (RF).
Medan Hulen og Aktive Studenters Forening (ASF) kan presentere eit tilnærma fullverdig program for vårsemesteret, har RF mange datoar som enno ikkje er stadfesta. President Tryti fortvilar derimot ikkje, og hevdar at dei snart har ei komplett liste over programmet dette semesteret.
– Er det økonomiske problem som gjer at de har begynt så seint med bookinga?
– Vi har hatt ein del utskiftingar, og det har ført til at vi har kome seinare i gang enn tidlegare. Men dette varierer alltid – førre semester var vi først ute medan andre låg lenger bak.
Både Hulen og ASF er nesten i mål med heile programmet for våren. Berre nokre datoar i april og mai står att.
– Vi spikrar aldri programmet heilt i starten av året, men i løpet av februar vil nok bookinga for heile semesteret vere klart. Grunnen til dette er at det ofte tar lang tid å få stadfesta nokre artister, seier Solgunn Slåtto, leiar for Hulen.
Det same fortel leiar i ASF, Jon Hågan Fjelland, som vedgår at dei ikkje fekk på alle banda dei på førehand hadde håpt på.
– Men slik er det alltid, mange glipp fordi dei ikkje har Bergen inne på reiseruta, seier Fjelland, som dog ikkje vil gå ut med namn på dei som sa nei takk i denne omgang.
Ingen av konsertarrangørane i studentkulturen presenterte særleg mange utanlandske namn. Det er ikkje berre dei økonomiske kostnadsrammene som er årsaken til dette, ifølgje leiarane.
– Profilen vår er hovudsaklig å ha norske band og artistar, fortel Fjelland.
Han får støtte frå RF.
– Vi prøver å satse meir på lokale band, i staden for å fly inn folk frå andre stadar. Bergensband har mykje å by på, og så blir det sjølvsagt billigare. Det er såpass mykje som skjer i musikk-Bergen at vi må støtte opp om det, seier Tryti.
Kulturskribent i Bergens Tidende, Erik Fossen, er alt i alt nøgd med arbeidet studentorganisasjonane har gjort med programmet for våren.
– Både Hulen og ASF har eit bra program. RF har ei litt tynn booking så langt, der ikkje så mange av datoane er klare, påpeiker han.
Fossen synest ikkje programmet til RF i dei to første helgene er særleg originalt, men roser likevel både dei og Hulen for å ha starta med torsdagsopent, der lokale band får moglegheita.
– Ein annan ting er at RF og Hulen har auka metall-satsinga. Eg er nyfiken på korleis det vil gå, og om det vil trekke folk, tilføyer Fossen.
Han deler argumentet til konsertarrangørane angåande utanlandsk booking, og synest hovudfokuset til studentorganisasjonane bør vere å legge til rette for lokale band og artistar.
– Ein kan alltids ønske seg større og fleire utanlandske namn, men i Bergen har ein andre og meir profesjonelle aktørar, mellom anna Bergen Live og Stageway, som tar seg av det, opplyser Fossen.
– Kva synest du er den mest friske bookinga?
– Godt spørsmål. Eg er glad for at Entombed er booka til Hulen, det er ei stund sidan sist dei var her. Utover det så har 90-talsbandet Telescopes fått ein oppsving, så det blir spennande å sjå korleis den konserten blir, seier Fossen, som oppsummer programmet slik:
– Bookinga sett under eitt, vil eg påstå at konserttilbodet er godt. Særlig innanfor aktuelle og mindre kjente band. Så får ein bedømme kvaliteten etter kvart.
Her kan du lese om Studentersamfunnet og Bergen Filmklubbs program: http://studvest.no/kultur/samfunnsdebatt-og-filmvisning
20.1. Torsdagsrock: Quavila, Corrida de Torros, The Bridds
21.1. Lucy Swann, PU55YF00T1N
22.1. Pop-Out
28.1. Obliteration, Sulphur, Sludgefudge
29.1. Retrorocket
3.2. Turns
4.2. Livstid,Göttemia,Garden
5.2. The Megaphonic Thrift, Heroes & Zeros
10.2. Torsdagsrock
11.2. Susanna & the Magical Orchestra
12.2. BalkaNatt
19.2. Karneval
24.2. Entombed
4.3. The Lionheart Brothers
5.3. BalkaNatt
12.3. Rockaften
18.3. The Telescopes, The Fauns
25.3. Lukestar
31.3. Daily Bread
1.4. Oslo Ess, Honningbarna
9.4. BalkaNatt
13.5. Solstafir, Solstorm
20.1. Storm Weather Shanty Choir (RF)
21.1. Lovecult (ASF)
22.1. Helhus – Young Dreams, Optical Substance, Goonfight, Henning og Håvard (ASF)
27.1. 90-tallsfest m/ Hotzound (RF)
29.1. Helhus – Kvelertak, Jeroan Drive, Spirits of the Dead, Put Your Hands Up For Neo-Tokyo, Surf in Stereo, Jagged Vision (ASF)
3.2. Up & Coming torsdag (RF)
4.2. Machine Birds (ASF)
5.2. Helhus – The Shitsez, Chitty Chitty Bang Gang, The Smell (RF)
10.2. Bierstube (RF)
11.2. Dig Deeper, Tim Tygg (ASF)
12.2. Helhus – Alexander von Mehren, Ine & Peder, Dakari og Aristillus, Spøkelsestimen (ASF)
17.2. Vreid, The Batallion og Iskald (RF)
25.2. Kråkesølv (ASF)
3.3. Up & Coming torsdag (RF)
4.3. Datarock (ASF)
17.3. Claymords, Spasmodic, Retalitory Measures (RF)
18.3. Stein Torleif Bjella (ASF)
19.3. Helhus – Truls & the festivus quartet, Spøkelsestimen (ASF)
26.3. Helhus – Defekt, Deathcrush (ASF)
2.4. Helhus – Bushman's Revenge, Hope I Die Virgin (ASF)
7.4. Up & Coming torsdag (RF)
29.4. Bergenfest
30.4. Bergenfest
5.5. Up & Coming torsdag (RF)
14.5. Helhus – Angel, To The Lions, Spøkelsestimen (ASF)
21.5. Helhus – Dylan Dogs (RF)
8.2. Åpen Scene
12.3. –18.3. Othello
19.3. Åpen Scene
28.3. Åpent Rom – samarbeid med BIT Teatergarasjen
9.4. –15.4. Roar og June
30.4. – 2.5. Your brother. Remember? – samarbeid mellom Immaturus, BIT Teatergarasjen, Bergenfest og Bergen Filmklubb
5.5. Immaturus Quiz
21.5. Åpen Scene
26.1. 127 Hours
28.1. Tintin
30.1. Film fra TIFF
2.2. Hunger
4.2. Air Bud
6.2. Careful
9.2. Hvem er redd for Virginia Woolf?
11.2. Gimme Shelter
13.2. Sanger fra andre etasje
16.2. Filmen jeg ikke prater om lenger
18.2. Decline of Western Civilization II: The Metal Years
20.2. Please Give
23.2. Flickan
25.2. Eerie, Indiana
27.2. Douglas
2.3. Welcome to the Dollhouse
4.3. Incident at Loch Ness
8.3. Landmark: Fett: Teeth
16.3. Landmark: Spoiler Alert!
20.3. En Kärlekshistoria
23.3. Borealis: Straight Trippin'!
25.3. Rabbits + Interview Project
27.3. Overraskelse
30.3. Nobody Knows
1.4. Hard Core Logo
5.4. Landmark: Youtube Throwdown
12.4. Landmark: Filmquiz
16.4. Logen: Studentimpulser
27.4. Ghost World
1.5. Flooding with Love for the Kid
4.5. Medea
26.1. Aktuell debatt: Byluften
28.1. Åpningsmøte: Å, Vestland, velstand!
1.2. Upop:Allminnelig galskap
2.2. Kultur+OC:Hoffmans eventyr
3.2. Debatt:Donorordningen
5.2. Helhus:Samefest
8.2. Upop:The Student Peace Price: Duško Kostic
9.2. Kultur:Klar for en klassiker?
10.2. Debatt:Oljeepilogen
12.2. Helhus:Haglund eksponert
15.2. Upop:I skuggen av olja
16.2. Kultur:En hvit aften
17.2. Fokusuke: Det subsidierte landbruket
19.2. Fokusuke: Det kulinariske kvarter
22.2. Fokusuke: En usmakelig sannhet
23.2. Fokusuke: Kostholdskakafonien
24.2. Debatt:Hybelhelvetet
1.3. Upop:Er det nokon der ute?
2.3. Kultur+OC:Rusa på musikk
3.3. Debatt:Kommentatorveldet
8.3. Kultur:Pop, politikk og feminisme (Landmark)
9.3. Upop:Flyktningeleiren: En utrygg havn
10.3. Debatt:Sosialdemokratiet anno 2011
15.3. Upop:Menneske og maskin
16.3. Kultur:Mens vi venter på festspillene
16.3. Jazzcafé: Blandet drops
17.3. Debatt:Babyboomerangen
22.3. Upop:Forskningens fritenkere
23.3. Kultur:Den nordiske krimgåten
24.3. Debatt:Arbeidssted: Oslo
29.3. Upop:Valutakrigen
30.3. Kultur:Det Litterære Kvarter
31.3. Debatt:EØS – En Ønskelig Situasjon?
5.4. Upop:Norsk naturgas™
6.4. Kultur:Dansens stemme
7.4. Debatt:KrF: Kampen om kjerneverdiene
12.4. Upop:De nye supermaktene
13.4. Kultur:Fra bedehusland til kristenhippieleir
14.4. Debatt:Direktesendt debatt med SRiB
26.4. Upop:Døden, skal vi danse?
27.4. Kultur:Uren luren festivalkulturen
28.4. Debatt:Integreringskabalen
RF= Bergen Realistforening
ASF= Aktive Studenters Forening
Alle RF-, ASF-, Immaturus-, Samfunnet- og Bergen Filmklubb-arrangementer er på Kvarteret, med mindre annet er nevnt.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.