Mest aktive brukere »

Kultur.

Smular til Kvarteret

FLEIRSTEMMING. Det var stor einigheit om forslaget som vart vedtatt under Velferdstingets budsjettmøte. Foto: MARIE HAVNEN

Etter at fordeling av semesteravgifta vart avgjort tirsdag kveld, sit Kvarteret igjen med ein halv million mindre enn dei ynskja. - Ein trøstesum, meinar ansvarleg redaktør i Studentradioen.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 16.11.11 kl. 12.47

Tirsdag kveld hadde Velferdstinget budsjettmøte, der semesteravgifta skulle fordelast. 4 900 000 kroner stod til disposisjon til dei forskjellige studentorganisasjonane, og alle argumenterte for å få mest mogleg. Kvarteret søkte om 580 000 kroner til oppussing av delar av lokalet, men vart kun tildelt 88 000 kroner.

– I forhald til innstillingane frå budsjettkomiteen har me eigentleg tent 88 000. Dette vil me utnytta best mogleg for alle studentane i Bergen, seier Sigrid Jangaard Strand, leiar for Kvarteret.

Ulike syn på fordelinga

Sjølv om avviket frå det dei søkte om er stort, er Kvarteret-leiaren optimistisk.

– Pengane vil gå til renovering så langt det strekk til. Dette vil sei at me må vere enda hardare med å prioritere. Me får gjere det beste ut av det. Dette er betre enn det som var innstilt, så for oss er dette ein delsiger som kan bli enda betre, seier Jangaard Strand.

Andreas Roaldsnes, ansvarleg redaktør i Studentradioen i Bergen (SriB), er ikkje nøgd med budsjettfordelinga.

– For meg verkar det som om summane er fordelt tilfeldig. Kva skal ein gigantisk stad som Kvarteret med 88 000? Det verkar som dette kun er ein trøstesum. Dei har fått restane, meinar Roaldsnes.

Han får støtte av Anita Tøien Johansen og Peter Hatlebakk frå Sosialdemokratene.

– Eg synest resultatet var veldig uheldig. Velferdet skal vere for studentane, ikkje Velferdsstyret, seier Tøien Johansen, og får støtte av Hatlebakk:

– Vinnarane av dette møtet er studentpolitikarane, og dette går på bekostning av idrett, kultur og debatt. Dette vart eit tilfeldig budsjettresultat fordi velferdsdelegatane ville heim å sove. Latskap er ikkje den minste av dødssyndane, seier han.

Små midlar

SriB var den einaste av studentmedia som ikkje fekk tildelt meir enn det som var innstilt av budsjettkomiteen. Dette vil føre til at dei ikkje får midlar til å lønne ein teknisk ansvarleg.

– Konsekvensen av dette er at det vil bli vanskeleg for oss å drive ei forsvarleg og forutsigbar drift, seier Roaldsnes.

Bergen Student-TV (BSTV) fekk 3000 kroner meir enn budsjettkomiteen hadde innstilt. Jørgen Thune Johnsen, styreleiar i BSTV, er overraska.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar frå mange hald, så det er rart at me kun får 3000 meir enn det som var innstilt, meinar han.

Sjølv om BSTV får 16 000 mindre enn det dei søkte om, vil ikkje dette få drastiske konsekvensar.

– Forskjellen er at me ikkje har rom for å øydeleggje noko, og det dekkjar driftskostnadane akkurat, seier Thune Johnsen.

Saknar debatt

Audun Kjørstad, leiar for Velferdstinget, er glad for at ein kom i mål, men saknar diskusjon.

– Eg saknar debatten i forkant. Det er påfallande at studentmedia ikkje har satt søkelyset på fordelinga før møtet. Det er tross alt studentane sine penger som blir fordelt og prosessen i forkant er viktig.

– Trur du ein debatt i forkant kunne endra utfallet i kveld?

– Det er vanskeleg å seie, men det er fleire enn meg som har påpeika at det skulle vore meir debattert i forkant slik at ein hadde fått meir diskusjon omkring sakene, seier Kjørstad.

Velferdstinget (VT)
  • VT er studentorganet til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB).
  • VTs oppgåve er å ivareta interessene til studentane ved SiBs medlemsinstitusjonar.
  • På VTs budsjettmøte blir delar av semesteravgifta fordelt til studentorganisasjonar innanfor kultur, idrett og media.
  • Velferdsstyret er Velferdstingets utøvande organ.
  • Det er Velferdstinger som vedtar kor mykje kvar organisasjon får.
  • Dei som har betalt semesteravgift kan leggje fram budsjettforslag.
Budsjettoversikt
  • BSI: Søkt: 950 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 650 000 Tildelt: 700 000
  • BSTV: Søkt: 201 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 182 000 Tildelt: 185 000
  • HiBi: Søkt: 30 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 20 000 Tildelt: 30 000
  • Jussformidlingen: Søkt: 150 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 140 000 Tildelt: 150 000
  • K7 Bulletin: Søkt: 230 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 140 000 Tildelt: 170 000
  • Kulturstyret: Søkt: 1 360 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 1 300 000 Tildelt: 1 305 000
  • Kvarteret: Søkt: 580 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 0 Tildelt: 88 000
  • NHHI: Søkt: 200 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 150 000 Tildelt: 190 000
  • NHHS Ekspedisjon: Søkt: 15 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 5 000 Tildelt: 0
  • Studentersamfunnet: Søkt: 210 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 140 000 Tildelt: 180 000
  • SRIB: Søkt: 682 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 675 000 Tildelt: 630 000
  • Studvest: Søkt: 988 744 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 811 000 Tildelt: 860 000
  • UKK: Søkt: 40 000 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 12 000 Tildelt: 0
  • Velferdstinget: Søkt: 473 900 Innstilt fra Budsjettkomiteen: 462 000 Tildelt: 412 000

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.