Sidan gjenopninga i 2010 har Kvarteret slitt med å nå gamle høgder kva gjeld besøkstal. Gode arrangement og studentvenlege prisar i baren har ikkje nødvendigvis gitt mange betalande, men Astrid Istad, eksternansvarleg ved Kvarteret, trur ting er i ferd med å snu.
– Eg var veldig nervøs før semesterstart, men no er eg letta ettersom vi har hatt slik ei fantastisk opning.
I halvårsrapporten som kom før semesterstart går det fram at Kvarteret ligg 170.000 kroner over budsjett. Laurdag var det stinn brakke under Helhus. Ikkje sidan gjenopningfesten i februar 2010 har så mange vore innom Kvarteret. I Teglverket spelte Fagernes Yacht Klubb opp til dans, medan dei andre romma var fylt av studentar frå alle studiestadane i Bergen som ein del av «Studentkamp».
– Det er tydeleg at Kvarteret er i ferd med å revitalisere seg sjølv som ein sentral aktør i Bergens kulturliv, meiner Istad.
Med helgas «Studentkamp» var studentar frå Høyskolen i Bergen (HiB), Noroff, Norges Handelshøyskole (NHH), Sjøkrigsskolen og Bergen Arkitektskole representerte. I tillegg var Hulen og Universitetet i Bergen (UiB) til stades.
Istad vegår at det er ei utfordring å famne breiare enn kjernemiljøet rundt Høyden.
– Dei ulike studentstadane har ofte sine eigne stadar dei går til. Vi har slitt med å trekke studentar frå alle gruppene, men Kvarteret skal vere for alle seier Istad.
I Speilsalen måndag føremiddag har fleire funne seg godt til rette. Silje Kathrin Høyland har jobba som frivillig ved Kvarteret i eitt år, og ser ei positiv endring.
– Kvarteret har vorte flinkare til å promotore seg sjølve. Det skjer mange kule arrangement på huset, og eg trur populariteten har auka, seier Høyland, som arbeider i skjenkegruppa på bygget.
Ho trur Kvarteret har vorte meir etablert som studentplass enn kva stoda var for eit år sidan.
– Det er fleire folk utanfrå, som ikkje jobbar på Kvarteret, som går hit no, meiner Høyland.
Trine Løften er ny student ved UiB, og ser på Kvarteret som ein naturleg stad å gå til.
– Det er hyggelig og sosialt samtidig som ein kan finne ro og studere her, seier Løften.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.