Mest aktive brukere »

Kultur.

Strippa for interesse på Dreams

STOLT LEIAR. Geri Carlsen håpar å kunne drive Dreams i mange år framover. - Det er kundane, ikkje våre motstandarar som avgjer om me skal fortsette, seier han. Foto: IDA HELEN SKOGSTAD

Nakne damer og øl, men blant klientellet på Dreams er det lite studentar. Utleige av stripparar forekjem likevel i private samanhengar.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 07.09.11 kl. 00.04

– I opningstidene har me lite studentar, eg trur ikkje det appelerar med 225 kroner i inngangspris. Men me har hatt fleire utejobbar til studentboligar, der stripparane kjem heim til kundane og opptrer der, seier dagleg leiar av Dreams, Geir Carlsen, og forklarar kva for nokre kundar som er der:

– Me har mange forretningsmenn som ikkje vil gå på Metro for å høyre dunkemusikk. Her er det ein avslappa atmosfære. Nokre ser på showa og utføringa, mens andre ser på pole-akrobatikken til damene.

Charlotte Myrbråten, redaktør i feministtidsskiftet «Fett», er usikker på kvifor menn i det heile tatt går på strippeklubb.

– Dei er vel nysgjerrige, men eg har eigentleg alltid lurt på kvifor sjølv. Kva gjer dei etterpå? Går heim og onanerer, kjøper sex, finn nokon å ligge med? På Dreams såg eg få kompisgjengar som var der på «gøy», det var mest einslege menn frå rundt 30 år og oppover, seier ho.

– Ikkje ulovleg

Sjølv om Carlsen seier at dei er 110 prosent profesjonelle, vert det likevel retta mykje kritikk mot dei som strippeklubb.

– Me har få motstandarar, men dei lagar masse styr. Mange trur det fungerar som ein Hollywood-klisjé der bakmennene er mafia, men slik er det ikkje. Skulle me tatt oss nær av alt andre seier måtte me brukt dei neste ti åra i retten. Me har ingenting å skjule, seier Dreams-leiaren.

Sjølv om det meste av kritikken blir oversett, er det noko dei ikkje kan la passere.

– Me har to søksmål gåande no. Me har blant anna blitt anklaga for å ta del i organisert kriminalitet. Det blir for mykje feilinformasjon. Folk skal få lov til å utdjupe meininga si, men dei må halde seg til fakta. Striptease er ikkje ulovleg, seier Carlsen.

Naken forteneste

Myrbråten, som skulle ynskje Bergen ikkje hadde noko strippeklubb, meinar at det ikkje er sjølve strippinga som er problemet.

– Problemet er at dei som starta Dreams skal tene pengar på kroppen til unge jenter frå Ungarn, Estland eller andre stadar, fordi nokre menn er villige til å betale for å sjå nakne damer, seier ho.

Sjølv om jentene jobbar der frivillig trur likevel Myrbråten det ligg meir bak.

– Det finst alltid ulike gradar av frivillighet. Sjølv om jentene ikkje blir pressa opp på scenen, kan det være at dei ikkje har så mange valmoglegheitar og at dette er raske, deilige pengar.

Mykje negativ omtale

Sjølv om det har vore stille i sommarferien, lovar bergensleiar for kvinnegruppa Ottar, Ane Aadland, at kampen ikkje er over.

– Me har ikkje kome heilt i gang enda etter ferie, men me skal fortsette å sloss mot strippeklubben til den er lagt ned, seier Aadland.

Leiarane av Dreams har tidlegare invitert Ottar til debatt, men dei takka nei. Aadland er klar på årsaka til dette.

– Eg blei invitert til Dreams for å møte stripparane saman med ein journalist. Det takka eg nei til, fordi eg ikkje ynskjer å bidra til å eksponere stripparane i media. Eg er svært opptatt av at det ikkje skal vera stripparane, men dei ansvarlige, altså eigarane og kundane, som skal vere i fokus, forklarer Aadland.

Sjølv om Dreams opplev mykje negativ omtale, er det ikkje alle som er kritiske til strippeklubben.

– Me har ingenting imot «Dreams» og dei som jobbar der er veldig greie. Dei einaste me ser er Ottar, og dei lagar stor underhaldning for oss. Me ser aldri stripparane eller kundane, seier Ane Skulestad, restaurantsjef på Logehaven, staden som ligger vis-a-vis strippeklubben.

BILDER

UTEBLIR. Studentane har latt vente på seg på strippebaren Dreams. Foto: IDA HELEN SKOGSTAD

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.