Mest aktive brukere »

Kultur.

Strukturert praksisjeger

Foto: EIRIN EGGE RYAN

Tekst: MARIE HAVNEN
Sist oppdatert: 07.02.12 kl. 23.25
Kva slags type student var du?

– Eg var ein utypisk student, fordi eg skulle drive med det eg skulle. All ledig tid gjekk til å frilanse og jobbe i lokalavisa i Ski. Eg var ikkje typen som hang på campus eller dreiv med studentpolitikk. Fordelen var at eg blei ein veldig strukturert student, med heimelaga lese- og produksjonsplanar for å komme gjennom pensum med nesten full jobb på sida.

Kva var det beste med studietida?

– Mellom anna det å lære sjølvsagt. Eg hadde valt min veg, og var veldig bevisst på det. Å kunne ta i bruk lærdommen kontinuerleg var bra. Dessutan var det digg å kunne gje blaffen ein dag, trekkje dyna over hovudet og berre ta omsyn til seg sjølv. Ein har mykje fridom i tilværet.

Kva gjorde du på fritida?

– Eg var på jobb. Mesteparten gjekk med til å få praksis. I tillegg var eg med i lokalrevyen og speidarleiar på hjelpebasis.

Kva har utdanninga di hatt å seie?

– Utdanninga har sjølvsagt hatt mykje å seie. Det skal mykje til for å få jobb utan pene papir, men arbeidspraksis har hatt vel så mykje å seie som dei formelle studiane. Til saman blei det ei god pakke.

Dersom du skulle valt på nytt, kva ville du studert i dag?

– Eg ville valt same vegen. Hadde eg visst for tolv år sidan at eg skulle bli medieleiar, ville eg spedd på med noko som organiasjonsleiing, eller andre typiske BI-fag.

Kva var der beste med å vere ferdig som student?

– Å begynne å tene pengar rett og slett. Det er ikkje feitt å vere student i mange år, å gå ut i fast jobb med ei årslønn på mange hundre tusen er ein stor overgang. Også å sleppe skippertaka inn mot eksamen, og det fryktinngytande at heile framtida skal avhenge av få timar. Eg føretrekk å heller bli målt over tid, og prestere kvar dag.

Kva har du lært sidan studietida, som du gjerne skulle ha visst då?

– Masse, det lar seg nesten ikkje oppsummere, det er så lenge sidan. Eg har lært vanvittig mykje om bransjen, endringar i mediekonsum, leiing og om meg sjølv. Det er godt at ein ikkje er ferdig å lære når ein er ferdig med studiane. Forhåpentlegvis kjenner ein seg akkurat ferdig nok utlært til å begynne. Det er mykje ein gjerne skulle visst, men det er godt vi ikkje visste. Då kan det vere at mange ikkje hadde tort.

UTSTUDERT: ANDERS NYLAND
  • Alder: 36
  • Utdanning: Mellomfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo (1996-1998) og journalistikkstudiet ved Høgskolen i Oslo (1998-2000).
  • Noverande yrke: Ansvarleg redaktør i Bergensavisen (2009-d.d.).
  • Karriere: Politisk journalist (2000-2002), nyhendejournalist (2002-2003) og nyhendeleiar (2003-2005) i Østlandets Blad, ansvarleg redaktør/dagleg leiar Akershus Amtstidende (2006-2009).

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.