Mest aktive brukere »

Kultur.

Studentane klikkar seg til orgasme

KLIKK. Framveksta av Internett har gjort at pornografien berre er eit tastetrykk unna. - Før fanst det kun blader, no er det over alt, seier Åse Sjøstrand, leiar for kulturkomiteen i Samfunnet. Ho skal også leie pornodebatten i regi av debattforumet. Illustrasjonsfoto: JARLE D. HAUKELAND

Nokre bruker det til læring, andre til nyting. Like fullt er porno ein del av studentlivet.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN
Sist oppdatert: 22.02.12 kl. 02.10

I kantina på Studentsenteret sit ein jentegjeng på tre, samt to gutar. Sjølv om det er forskjell på kor ofte jenter versus gutar ser på porno, er dei likevel einige om ein ting.

– Studentar ser på porno, det viser i alle fall statistikkane. Men eg trur ikkje studentar ser meir enn andre i same aldersgruppe, meinar Anders Mellingen, som studerer arbeids- og organisasjonspsykologi ved Universitetet i Bergen (UiB).

Saman med Mellingen sit Anders Vorge, Marie Hulthin, Ingeborg Karlsen og Nora Callander. Dei er alle studentar ved UiB og har ulike teoriar om kvifor gutar ser meir porno enn jenter.

– Gutar er meir opptatt av det visuelle, medan jenter er meir opptatt av det å ta og føle på, trur Mellingen.

– Jenter tenker meir på kjensler og romantikk, meinar Hulthin.

– Eg har ofte lurt på det sjølv, kvifor jenter ser lite på porno. Det er jo meir ei sånn gutegreie kanskje, seier ho.

Kåtskap og seksualitet

Bente Træen, seksualforskar og psykolog, har studert pornografi i Noreg og meiner mannen er den største brukaren av porno.

– Haldningsmessig så er ein minoritet av kvinner positive, medan ein majoritet av menn er det. Dei unge i dag er meir liberale enn før. Dette er fordi det har skjedd ei pornofisering av det offentlege rom, seier Træen.

Ho peikar på at menn og kvinner brukar pornografien på forskjellige måtar.

– Kjønna gjer det av ulike grunnar. Menn ser på det for å auke si eiga nytinge, for å bli kåte nok. Kvinner ser ofte med kjærasten eller for å få råd om seksualitet. Menn kan ofte nøye seg med bilete, medan kvinner likar betre chatting, seier seksualforskaren.

Mannleg kontroll

Dei fem studentane meiner porno er usunt i store dosar.

– Eg er veldig motstandar av porno. Det er ein kynisk bransje, og eg trur det kan vere veldig øydeleggande for eit forhald. Det gir eit feil bilete av korleis sex er, seier Mellingen, som får støtte av Vorge.

– Det gir eit egoistisk syn på sex. Det er ikkje eit bilete på kjærleik, men på korleis ein kan oppnå kjapp nyting, seier han.

Jentene trur objektifiseringa kan vere ein grunn til at jenter ofte vel å halde seg unna.

– Kvinner blir redusert til eit objekt i porno, og det gir eit feil bilete på kva som er idealet. Det kan gjere folk usikre når dei skal debutere, meiner Karlsen.

Dei andre medstudentane nikkar.

Slavekvinner

Studentane er einige om at porno er laga for gutar.

– Mannen tar kontroll og mange syns det er pirrande å sjå at damer blir underkasta, seier Callander og får støtte frå gutane.

– Mannen er sjefen og dama er leiketøyet. Damer skal liksom deige seg, seier Mellingen.

– Men i nokre pornofilmar er jo kvinna den dominerande?

– Men då er det jo regissert slik fordi mannen likar det, seier dei samstemt.

Seksualforskar Træen meiner kritikken som ofte blir retta mot pornografi ikkje er haldbar.

– Folk er ikkje offer for kva dei ser, og dette har ofte vore kritikken. Dei fleste som ser porno i dag er utstyrt med forsvarsmekanismar som gjer at dei kan skilje mellom kva som er fantasi og kva som er røynd.

Porno i framvekst

På Studentersamfunnet skal også pornografien opp til debatt. Åse Sjøstrand skal leie pornodebatten, og ho synest det er naturleg å ha porno på programmet.

– Dette er med i noko kalla Protestdagar, der me ser tilbake på samfunnet på 70-talet. Den gongen diskuterte dei porno som ein industri, men det kan ein ikkje gjere i dag fordi det er blitt så breitt. Alle med mobil kan laga porno i dagens samfunn, seier Sjøstrand.

Ho trur framveksta av Internett har gjort porno meir normalt.

– Eg trur porno treff studentar i stor grad, fordi studentar er i ein alder der ein prøver å finne seg sjølve seksuelt, og skape seg ein identitet. Der trur eg pornoen speler ei stor rolle, seier Sjøstrand.

 

 

– Porno kan inspirere


Solveig Eithun, leiar for Medisinerstudentenes Seksualopplysning (MSO) ved Universitetet i Bergen, meiner det er viktig å informere dei yngre om baksidene ved pornografien.

– Me er mest ute på ungdomsskular og i vidaregåande. Eg trur mange har sitt første møte med seksualitet gjennom porno, og då er det viktig for oss å fortelje kva som er normalen. Me legg mykje vekt på at det ein ser på porno ikkje er ekte, og at dei som er med er skodespelarar, forklarar MSO-leiaren.

Eithun trur ikkje studentane er like utsett for påverknad som dei yngre.

– Når ein er student, så har dei fleste allereie debutert seksuelt og veit sanninga, så eg trur studentar har eit sunt forhold til porno, seier ho.

MSO-leiaren trur studentar kan hente inspirasjon frå pornofilmar.

– Det er mange som kan ha god nytte av det i ein kjedeleg seksuell setting. Men dette er jo folk med erfaring, ikkje tolv år gamle gutar.

Eithun trur gutar snakkar meir om porno enn jenter.

– Eg trur det har mykje med oppfatning å gjere. Jenter skal vise kjensler, og alt skal vere så flott. Det finst òg mange som likar det, men som ikkje tør innrømme det. Mitt inntrykk er at fleire ser på porno enn som tør å innrømme det, seier MSO-leiaren.

Pornosjåing blant studentar

Studvest har gjort ei stikkprøve av kor ofte studentar ser på pornografi. 100 stykk blei spurt. Undersøkinga var anonym.

  • Ser du på pornografi?

Jenter (stk):

Ja: 8
Nei: 42

  • Om ja, kor ofte?

Dagleg: 0
Eit par gonger i veka: 1
Sjeldan: 7

  • Gutar (stk):

Ja: 44
Nei: 6

  • Om ja, kor ofte?

Dagleg: 1
Eit par gonger i veka: 24
Sjeldan: 19

BILDER

MANNEPORNO. UiB-studentane er einige om at porno er laga for gutar. – Menn syns det er pirrande å sjå at damer blir underkasta, seier Nora Callander (i midten til høgre). Foto: JARLE D. HAUKELAND

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.