Mest aktive brukere »

Kultur.

Studentidretten redda i siste sekund

FANT LØSNING SAMMEN. Medlemmene i Velferdstinget valgte til slutt å vedta et budsjett som ga mer penger til BSI, SriB, Kulturstyret, BSTV, K7 Bulletin og NHHI enn det budsjettkomiteen hadde innstilt. Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

BSI unngjekk drastiske budsjettkutt då Velferdstinget vedtok å utvide pengesekken med ytterlegare 269.000 kroner.

Tekst: MARI-LOUISE ULDBÆK STEPHAN og TORE FRIESTAD
Sist oppdatert: 23.11.10 kl. 22.20

Budsjettkomiteen si innstilling om å tildele Bergensstudentenes Allianseidrettslag (BSI) 190.000 kroner mindre enn det dei hadde søkt om, vakte store protestar både internt i BSI og blant studentpolitikarar.

Torstein Monsen, styreleiar for BSI er letta over at Velferdstinget stemte til slutt for å tildele BSI 650.000 kroner, og ikkje 500. 000 kroner.

– Velferdstinget forstod at eit kutt ville fått fatale konsekvensar, og det var derfor konsensus om at budsjettkomiteen si graverande innstilling måtte endrast, seier han.

Auka ramma

I utgangspunktet hadde budsjettet ei total ramme på 4,5 millionar kroner. Velferdstinget vedtok under møtet å auke ramma til 4,769 millionar. Desse midlane vart tatt frå overskotet på 500.000 kroner som budsjettkomiteen ville spare til fremtidige kostnadar.

Ifølgje Monsen gjekk BSI defensivt inn i budsjettprosessen.

– Eigentleg er sjølv 690.000 kroner, som vi opprinneleg søkte om, for lite for å oppretthalde vår noverande aktivitet, seier han.

Monsen framhevar at BSI no vil ta Velferdstinget sitt budsjettvedtak til etterretning, og vurdere korvidt styregodtgjering og representasjonskostnader skal brukast for å dekke at dei ikkje fekk innstilt den fulle summen.

– Dei 650.000 kronene vi fekk, skal fordelast blant medlemslaga våre for å supplere driftsgrunnlaget deira. Dette gjerast for å kunne oppretthalde eit rimeleg tilbod for medlemmane våre.

– Rotete og uheldig

I forrige nummer av Studvest, fekkk Sindre Dueland kritikk av Monsen for si rolle i budsjettkomiteen. Dueland har tidlegare vore leiar for BSI. Under det endelege budsjettmøtet 15. november, kom det fram sterk kritikk.

Leiar for Studentparlamentet ved UiB, Synnøve Mjeldheim Skaar, meiner prosessen rundt inhabilitetsspørsmålet har vore rotete og uheldig.

– Det er uheldig at ein tidlegare leiar er med på å dele ut pengar til BSI, seier Skaar. Ho meiner dette handlar om tillit.

– Eg håpar at han har lært av denne prosessen, og at han tek dette til etterretning om han stiller til val igjen, seier Skaar.

– Systemproblem

Under møtet 15. november hevda leiar i Velferdsstyret, Ole Fosse Fardal, at saka botnar i eit systemproblem.

– Budsjettkomiteen må bestå av tre personar. Hadde Dueland meldt seg ut, hadde dei berre vore to.

Mjeldheim Skaar er ikkje samd i dette.

– Det er måten systemproblemet har blitt handtert på som er kritikkverdig. I denne saka burde Dueland ha trekt seg ut i behandlinga av BSI-søknaden, slik at dei to andre i budsjettkomiteen kunna ha gitt eit forslag til Velferdstinget.

Sindre Dueland meiner sjølv at det er to grunnar til at han ikkje gjorde dette.

– For det første er det eit krav om at ein må vere tre i budsjettkomiteen. For det andre arbeider budsjettkomiteen utifrå ei økonomisk ramme. BSI sin søknad måtte difor vurderast i forhold til behandlinga av alle dei andre organisasjonane som søkte støtte, seier han.

– Kva synest du om kritikken frå Velferdstinget under møtet?

– Det kan eg ikkje svare på, for eg gjekk ut av lokalet under habilitetsdiskusjonen. Det er vanleg i slike saker.

Han seier han ville revurdert situasjonen dersom Velferdstinget tidlegare hadde stilt spørsmål ved habiliteten hans.

– I ei slik sak ville det vore naturleg å spørre Velferdstinget om korleis ein skulle tatt stilling til dette spørsmålet.

Fardal påpeikar at dette er ein prosess som dei ikkje har blitt stilt overfor før.

– Vi var usikre på korvidt vi skulle rekne saka som ei intern personalkonflikt. Forhåpentlegvis vil det ikkje skje igjen. Frå no av vil vi stille krav om at alle som stiller til sentrale verv er opne om tilknytningane sine til ulike organisasjonar.

LES HVA K7 BULLETIN SYNES HER: http://studvest.no/kultur/%E2%80%93-kutta-f%C3%A5r-alvorlege-konsekvensar

LES MER OM BSI SIN KAMP MOT BUDSJETTKOMITEEN HER: http://studvest.no/kultur/bsi-vil-kjempe-mot-redusert-pengest%C3%B8tte

Fordelinga av semesteravgifta for 2011
VELFERD OG KULTUR
  • Velferdstinget - søkt 449.000 (drift). Innvilga 402.000 (drift), 100.000 (hytte)
  • Kulturstyret   - søkt 1.397.000 (drift), 15.000 (investeringar). Innvilga 1.302.000 (drift), 15.000 (inv.)
  • Jussformidlingen - søkt 150.000. Innvilga 150.000
  • Studentersamfundet - søkt 150.000 (drift), 50.000 (inv.). Innvilga 150.000 (drift)

MEDIER
  • Studvest - søkt 791.000 (drift), 40.000 (inv.). Innvilga 791.000 (drift), 20.000 (inv.)
  • BSTV - søkt 216.000 (drift). Innvilga 186.000 (drift)
  • SRiB - søkt 630.000 (drift), 65.000 (inv.). Innvilga 600.000 (drift), 45.000 (inv.)
  • K7 Bulletin - søkt 223.000 (drift). Innvilga 151.000 (drift).
  • K7 Minutter - søkt 100.000 (drift). Innvilga 0,-
  • Foto NHHS   - søkt  32.000 (inv.).  Innvilga 0,-

STUDENTIDRETT
  • BSI - søkt 691.000 (drift). Innvilga 650.000 (drift)
  • NHHI- søkt 180.000 (drift). Innvilga 150.000 (drift)
  • HiBI- søkt   2.000 (drift). Innvilga  20.000 (drift)
  • NHH Crew - søkt 20.000 (inv.). Innvilga 20.000 (inv.)
  • Medisinsk Roklubb Bergen - søkt 17.000 (inv.). Innvilga 17.000 (inv.)
  • Universitetets Karateklubb - søkt 30.000 (drift). Innvilga 0,- (Ikke behandlet)
  • Student Krik Bergen - søkt 15.000 (drift). Innvilga 0,-

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.