Mest aktive brukere »

Kultur.

SV- og HF-studentane styrer dagsorden

STOR FORSKJELL. Av dei 317 engasjerte i studentanes medie- og debattforum er 222 frå SV og HF. 95 kjem frå andre fakultet og skular. – Tala overraskar meg ikkje, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold. Grafikk: JIN SIGVE MÆLAND

Studentane ved SV og HF er overrepresentert i studentanes medie- og debattforum. – Problematisk, meiner generalsekretær i Norsk Presseforbund.

Tekst: ANETTE HJELLE VOLDEN og LISA MARIA BREISTEIN SØLVBERG
Sist oppdatert: 01.02.12 kl. 01.34

Studentradioen i Bergen, Bergen Student-TV (BSTV), Studvest og Studentersamfunnet skal sette dagsorden for alle studentane i Bergen. Likevel er nærare 70 prosent av medarbeidarane knytt til Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV) og Det humanistiske fakultet (HF) ved Universitetet i Bergen (UiB). Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, trur dette får konsekvensar.

– Når delar av studentmassen ikkje er representert vil viktig informasjon frå forskjellige miljø ikkje få nok merksemd. Dette er problematisk, og det er eit viktig tema å sette på dagsorden, meiner Kokkvold.

Han syns det er kritikkverdig at visse fagretningar er underrepresentert.

– Det er spesielt viktig i studentmedia å dekke saker som inkluderer mange. Kritikken om at pressa ikkje har nok kunnskap og informasjon om realfag og andre fagretningar er legitim, seier generalsekretæren.

Viser større tendens

Frank Aarebrot, professor i samanliknande politikk ved UiB, meinar det er naturleg at SV og HF dominerer studentmedia og Samfunnet.

– Saker som omhandlar politikk og økonomi er lettare å framstille i media enn medisin eller partiklar i fysikk. Ein skriv om tema som er komfortable, og ein er ikkje komfortabel med fag ein ikkje kan noko om, seier professoren.

Aarebrot meiner tendensen kan sjåast i ein større kontekst.

– I eit historisk perspektiv kan ein lese om teologar og politkarar som satt og diskuterte, medan realistane spelte bridge. Samfunnsvitarar er opptatt av samfunn, medan realistane er opptatt av natur. Det er heilt naturleg, meiner han.

SV-saker

Karina Asbjørnsen, ansvarleg redaktør i BSTV, meiner også dette har ei naturleg forklaring.

– Mange av dei som jobbar hos oss vil bli journalistar eller fotografar – dei vil jobbe med TV – og faga som omhandlar dette finn ein på SV. Dei vel å vere med i BSTV for å få relevant praksis. Dersom ein vil bli lege, så forstår eg at ein ikkje nødvendigvis vil jobbe som journalist på fritida, seier ho.

Asbjørnsen trur dette får konsekvensar.

– Eg vil tru at reportarane våre frå SV kjenner mange på SV, og dei får derfor fleire tips derfrå. Dette er jo heilt naturleg. Me redaktørar prøver å finne saker frå ulike fakultet, men det er ofte lita tid og det er så klart lettare å dekkje områder der me får inn mykje informasjon, seier BSTV-redaktøren.

Ho fortel at dei prøver å dekke alle studentar, men at det ikkje alltid er like lett.

– Me lagar mest saker om UiB, men me prøver å gjere slik at alle skular blir dekka, men det er ofte vanskeleg når desse ikkje er like tett på våre reportarar. Då er me meir avhengig av tips frå desse, fortel ho.

Delt ansvar

Agnes Nystad, leiar for Medisinstudentanes faglege utvalg ved UiB, har full tillit til samfunnsvitarane og føler på ingen måte at dei er utelatt.

– Eg trur og vonar at medisinstudentane ikkje er utelatt frå debattarenaen, men absolutt kan og vil engasjere seg og debattere der dette fell seg naturleg. Eg vonar at studentane som jobbar med nyhende ser kva ansvar dei har som gode samvitarar, og set det som er allment interessant og viktig på dagsorden, fortel Nystad men legg til:

– Om medisinstudentane ynskjer å bli meir synlige er det også vår oppgåve å engasjere oss meir, meiner Nystad.

Også Kokkvold frå Norsk Presseforbund syns fleire må jobbe for å snu situasjonen.

– Både dei ulike redaksjonane og fakulteta har ansvar for å endre skeivfordelinga, seier han.
 

 

Same tendens i hovudstaden


Studentavisa i Oslo, Universitas, kan melde om same overrepresentasjon av samfunnsvitarar i deira organisasjon.

– Me har ganske mange SV-studentar i Universitas, og det har det alltid vore. Likevel føler eg at me har ein brei representasjon av forskjellige fakultet, seier Magnus Lysberg, ansvarleg redaktør i studentavisa.

Dei jobbar aktivt for å engasjere fleire, men føler skeivfordelinga har ein god forklaring.

– Eg ser på dette som naturleg. Me tek opp samfunnsspørsmål som politikk og økonomi, og mange av dei som er interessert i dette er jo nettopp SV-studentar. Dei siste åra har me jobba for å hente inn studentar frå HiO, BI og mindre institusjonar. Me prøver å dekke alle, fortel redaktøren.

Han merkar likevel at sakstipsa ofte kjem frå dei same skulane.

– Me forsøker å skrive saker som interesserer alle, men det er jo alltid sånn at ein veit meir om det fakultetet som står journalisten nærast, seier Lysberg.

Oversikt over fakultetstilhørigheit (prosent):
  • Studvest:

SV: 56
HF: 25
Juss: 9
Psyk: 2
NKF: 2
Noroff: 2
NHH: 2
KHiB: 2

  • Bergen Student-TV:

SV: 71
Jobbar: 12
NKF: 7
HF: 5
Noroff: 3
Med.ont: 1
HiB: 1

  • Studentradioen i Bergen:

SV: 38
HF: 22
Jobb: 6
Med.ont.: 5
BI: 5
HiB: 5
Juss: 4
NHH: 4
NKF: 4
Psyk: 3
Griegakademiet: 1
KHiB: 1
BAS: 1
NLA: 1

  • Studentersamfunnet:

SV: 47
HF: 23
Juss: 7
Jobb: 6
HiB: 4
Mat.nat: 4
Med.ont: 3
Psyk: 3
NHH: 2
KHiB: 1

BILDER

Grafikk: JIN SIGVE MÆLAND

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.