Kvar skal ugla fly?

Illustrasjon: ØYSTEIN BIRKENES

ILLUSTRASJON: ØYSTEIN BIRKENES

Tekst: Tommy Aarethun

Tommy Aarethun er leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen (UiB) arbeidar for tida med ny strategiplan, som skal gjelde frå 2016-2022. Universitetsstyret har sett ned ei arbeidsgruppe leia av prorektor Anne Lise Fimreite som består av dekanar, museumsdirektøren og to studentar. Ein overordna tanke for arbeidet speler på UiB sin velkjente logo; Korleis skal me få ugla til å fly?

Denne arbeidsgruppa har vore rundt på alle fakultet for å få innspel, og det har kome ein heil del, men det er enno tid til å påverke kva retning UiB skal ta dei komande åra. Skal ein spisse tilbodet? Eller skal UiB fortsatt vera eit breiddeuniversitet med mangfaldig fagportefølje?

Det komande året er utruleg spennande for oss som jobbar med utdanningspolitiske spørsmål. Det som skjer fram til sumaren 2015 vil leggja føringar for sektoren i lang tid framover. I tillegg til den komande strukturmeldinga skal finansieringssystemutvalet leggje fram sin rapport rundt årsskifte. Desse nasjonale prosessane må sjåast i samband med og kan leggje føringar for det pågåande strategiarbeidet lokalt.

Noreg som kunnskapsnasjon og Vestlandet som region har behov for breidde i tilbodet. Av institusjonane på Vestlandet er det berre UiB som er i stand til å ivareta denne oppgåva. Når det er sagt er det ikkje slik at breidde utelukkar fagmiljø i verdstoppen. UiB bør i tillegg avklare kva samarbeid dei ynskjer og korleis dei vil nytte dette samarbeidet for å nå dei måla som er sett i strategiplanen.

I tillegg til strategien er det viktig med tiltak og handlingar som kan bidra til å nå måla.

Satsinga på digitalisering av utdanninga er eit svært viktig grep for å utvikle organisasjonen. Denne satsinga vil kunne frigi tid som kan nyttast til tettare kontakt mellom forelesar og studentar. Dette vil gi UiB ein ny dimensjon som utdanningsinstitusjon og eit fortrinn ovanfor andre institusjonar.

Som student ved UiB er det DU som kjenner på kroppen kva som fungerer og kva som ikkje fungerer. Dine innspel til strategiarbeidet er difor gull verdt og er viktig for det endelege resultatet. Ynskjer du å leggje ned Humanistisk fakultet eller å satse utelukkande på matematisk-naturvitskaplege fag? Då er dette tida for å skrike ut! DU er ein av dei som kan påverke kva veg ugla flyg!