Like skjønn i live action

null

FOTO: DISNEY ENTERPRISES.

Neste film i ei rekke av live action-versjonar av Disney-klassikarar legg seg tett opptil originalen. Det er ikkje nødvendigvis ein uting.

FILM

«Beauty and the Beast»

Regissør: Bill Condon

Sjanger: Eventyr

Live action-versjonen av Disney’s Beauty and the Beast legg seg tett oppi originalversjonen. Til tider så tett at ein kan lure på kva vitsen med ein live action-versjon er. Men gjennomførelsen er både vakker og god, og det er enkelt å nyte eventyret som spelar seg ut på skjermen.

Emma Watson fortenar skryt for sin jobb i rolla som Belle, spesielt med tanke på at ho spelar hovudsakleg mot noko heilt anna enn det me får sjå på skjermen. Watson er overbevisande både mot eit CGI-laga Beast spelt av Dan Stevens, og mot lysestaken Lumiére (Ewan McGregor).

Filmen lenar seg openbart ein god del på CGI, til tider for mykje, så trass i at det er ein live action-film, føles det ikkje nødvendigvis slik heile tida. «Be Our Guest»-scena er det tydelegaste eksempelet på dette.

Songane frå originalen er med, men det er óg med nokon nye songar, noko som gjer filmen litt meir fresh. Synginga skal det heller ikkje stå noko på, men det er tydeleg at nokon av vokalprestasjonane har fått hjelp av auto-tune.

I tillegg til nokon ekstra songar er det og lagt til nokon nye scener. Denne versjonen er betydeleg lengre enn tegnefilmen, og noko av denne tida er brukt på blant anna backstory for både Belle og Beast. Filmen framstår óg som ein anelse meir vaksen denne gongen. Gaston, spelt av Luke Evans, føles ekstra ubehagelig i ekte menneskeform.

Store delar av filmen er litt mørk og dyster, med Belle som eit fargerikt midtpunkt. Fargane er vakre, med raudt og blått som gjennomgangsfargar. Det skapar den rette stemninga til å følge eventyret.

Filmen evnar å gi ein følelse av magi og eventyr, og medan den ikkje tilføyer særleg mykje til originalversjonen, har den heller ikkje tapt noko, og gir enkelt og greit ein god, og for oss voksne nostalgisk, filmopplevelse.