Listetoppane sine viktigaste kampsaker

Studentkandidatene_illustrasjonsbilde

LISTETOPPANE. 9 til 17. mars er det studentval. der totalt 207 kandidater stiller til tre ulike utval. Her får du oversikten over listetoppane til studentparlamentvalet. ALLE FOTO: PAO NOPARDOL og TORIL APELTHUN

Usikker på kven du skal stemme på til studentparlamentet? Her er listetoppane sine viktigaste saker.

Viktige datoar
  • 2. mars – valavisa blir utgitt i Studvest.
  • 9. mars – opner valet.
  • 14. mars – valdebatt på Kvarteret klokka 18.
  • 17. mars – valet avsluttast, resultatet blir representert på Kvarteret klokka 18.

9. mars opnar valet til Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB). Kort forklart er studentparlamentet ei slags krysning mellom elevråd og Stortinget, og består  av 25 valte representantar. Seks av desse blir valt direkte av fakulteta, medan dei resterande 19 blir valt av studentane.

I år er det sju politiske parti, eller såkalla «lister», som stiller til val. Studvest har snakka med listetoppane og bedd dei gjere reie for kva dei ønskjer å kjempe for som studentanes representantar i studentparlamentet.

studentparlamentet_TSA_02BLÅ LISTE

Tobias Strandskog (SV)
– Universitet i Bergen (UiB) samarbeida for dårleg med næringslivet. Universitetet i seg sjølv er ei oppleving, men vi er her i hovudsak for å få ein jobb etter enda utdanning. Blå liste foreslår mange gode tiltak, fleire praksis- og praktikantstillingar og endra retningslinjer for bedrifter på universitetets campus. Vi ønskjer óg at UiB opprettar ein portal for praksisplassar, praktikantstillingar og relevante deltidsjobbar for studentane.
 
 
 
 
 
 
 
 

studentparlamentet_TSA_03DERA – Det eneste reelle alternativ

Erik Lavik (HF)

– Eksamensfri 18. mai og ingen førelesningar klokka 08:15. DERA ønskjer at alle skal få delta i feiringa av Norges nasjonaldag. Dette er lite i samsvar med at universitetet arrangerer semesterets viktigaste dag – eksamen – dagen etter 17. mai. UiB har halve juni å ta av, så dette burde vere enkelt å få til.
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

studentparlamentet_TSA_04GRØNN LISTE

Camila Cimadamore-Werthein (MN)

– UiB skal vere eit breiddeuniversitet som bygger opp tverfagleg styrke både i utdanning og forsking. Grønn liste trur nøkkelen for å løyse dei store utfordringane verda står ovanfor, om det så er global oppvarming, finne kreftkuren eller redusere fattigdom, ligg i å tilnærma seg problema tverrfagleg. UiB må derfor styrke sitt tverrfaglege perspektiv til forsking og utdanning, slik at vi, studentane, saman med forskarane og leiinga kan endre måten kunnskap produserast og brukast. Grønn liste ønskjer å gjere UiB enda meir bevisste på å skape eit meir rettferdig og berekraftig samfunn.
 
 
 
 
 
 
 

Student Parliament Candidates_NP-6REALISTLISTA

Roymond Olsen (MN)

– Hjartesaka til Realistlista er ikkje assosiert med ein enkelt sak, men heller ei haldning. Vi er ein gjeng studentar med erfaring frå ulike fagutval, studentutval, Norsk studentorganisasjon (NSO) og andre utval som ønskjer å representere studentane på UiB i studentparlamentet. Realistlista har eit mål om å vere rasjonelle og objektive, utan forutinntatte personlege eller politiske ideologiar. Vi har også eit mål om å ikkje berre jobbe i studentparlamentet, men og utanfor i form av kampanjar og prosjekt.
 
 
 
 
 
 
 
 

Student Parliament Candidates_NP-4LIBERAL LISTE

Stian Skarheim Magelssen (SV)

– Liberal liste vil jobbe for at studentar skal få større påverkning over eiga studiekvardag. Studentane skal blant anna kunne møte på fleire ulike vurderingsformar i løpet av studiet, som for eksempel mappe- og munnlege vurderingar. I 2016 er det også meiningslaust at studentar ikkje får gjennomført skriftlege eksamenar digitalt.
 
 
 
 
 
 
 
 
 

studentparlamentet_TSA_01VENSTREALLIANSEN

Andreas Sjalg Unneland (JF)

– Studentar i Bergen treng nokon som vil jobbe for å betre deira studiekvardag, og då er det einaste reelle alternativet Venstrealliansen. Frå campusbuss til psykisk helse, frå flyktningar til studentkultur, vi jobbar for eit litt betre student-Bergen, dag for dag. Vi lover og å vere synlege heile året, ikkje berre i valkampen.
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Student Parliament Candidates_NP-3SOSIALDEMOKRATISK LISTE

Eivind A Valestrand (MOF)

– UiB skårar altfor dårleg på studentar kjensle av medverknad, og vi brenner for å sikre studentars moglegheit til å påverke universitetet. Derfor må UiB auke kontakten mellom undervisere og studentar ved å innføre besøkstid, lage studiepoenggivande leiarkurs for studentar og ha eigne læringsmiljømeldingar for kvart enkelt fakultet.

Fått med deg dette?