– Det var ikkje lett. Du klarer å avgrense kor vondt det er, men du må berre køyre på sjølv om det gjer vondt. Ikkje var det lett å komme til heller, så på ingen måte ideelt, men det var ingen alternativ.
Den første Tomas Brudvik tatoverte var seg sjølv. På dragen brukte han 16 timar fordelt på tre veker. Året var 1991, og sidan den gong har han rissa inn mellom 12 og 15 000 kunstverk. Tomas Brudvik driv tatoveringsstudioet Let's Buzz, og vil ein bli teikna på av denne mannen er ventetida fire månader.
Å vere tatovør er ikkje eit yrke, men ein livsstil, ifølgje Tomas. Kona, amerikanske Sandy, møtte han over nåla på ei tatoveringsmesse i San Francisco i 1997. Også Sandy er tatovør på Let's Buzz, og i dag er familien utvida til fire barn og eitt barnebarn.
– For oss er tatovering heile livet, seier Tomas.
Når dei reiser på ferie er det anten på besøk til andre tatovørar, eller til dei store kunstmusea. I ein tatoveringsglad familie er det likevel ikkje alle som lar seg merke. Medan eldste dottera har mange, er det nokre av barna han ikkje trur nokon gong kjem til å tatovere seg.
– Det er ikkje noko mål for meg at alle skal ha eller like tatoveringar. Det er like greitt å ikkje ha nokon, seier Tomas.
Eigne tatoveringar slutta han å telje for nokre år sidan. Då var talet elleve, men det har auka etter den tid.
– Eg har relativt få til å ha tatovert så lenge. Det er dessutan ikkje viktig å ha mange. Det er greitt å ha litt ledig plass til du blir gammal. Det er alltid nye flinke tatovørar og nye idéar som skulle vore laga. Det er dumt å bruke opp all plassen når du er 22.
Ein av stadane folk først dekorerer er overarmane. Hittil har Tomas spart høgre overarm, men kanskje blir den fargelagt neste år. Før han legg seg under nåla tenkjer han på tatoveringa i fleire år. Ofte finn han referansebilder frå nettet og har ein klar idé han presenterer for tatovøren, men motivet blir ofte endra i siste liten.
– Ein går til folk fordi dei har ein viss teiknestil, og det er viktig at dei får jobbe innanfor sin stil. Det synest eg å ha fått til med mine tatoveringar, seier Tomas.
Mange lurer på korleis det skal ta seg ut med tatoveringar når ein vert eldre, men Tomas lar seg ikkje påverke.
– Viss du er 80 år og tatoveringa er ditt største problem, så har du hatt det utruleg godt i livet.
Å teikne har alltid vore Tomas sitt talent, men tanken på å tatovere dukka opp over natta då han såg ei tatovering ein kompis hadde fått i England.
– Då eg såg den fekk eg eit enormt adrenalinrush. «Dette er så stilig, dette må eg lage» tenkte eg.
Med bakgrunn frå illustrasjon og grafisk design på Kunsthøgskolen i Bergen gjekk han til innkjøp av tatoveringsutstyr frå England i 1991. Utan Internett eller YouTube var det vanskeleg å lære utstyret og kunsten å kjenne. Ei heller var det andre tatovørar i Bergen.
– Og ikkje ein kjeft sa noko om det dei visste. Det var ein veldig vanskeleg måte å lære på, men den gangen var det ingen alternativ.
I åtte månader øvde han heime på seg sjølv og venner før han opna studioet.
I dag tatoverer Tomas innan alle stilartar. Det han gjer mest er realisme og det som blir kalla «New School», som er basert i tradisjonelle sjømanns- og militærtatoveringar med tjukk strek, flat skuggelegging og rik på farge.
Mykje av inspirasjonen finn Tomas i musikk, men på den visuelle sida er det klassiske teikneseriar og bilkultur han ser mot.
Gjennom sine nokre og tjue år i bransjen har Tomas observert trendane i kunsten. Det varierer etter kva filmstjerner og fotballspelarar vel, fortel han. Dei skaper ikkje trendane, men vel gjerne ting som er på veg.
– Alt som media viser, og som folk synest er stileg, resulterer i tatoveringar.
Mellom anna har han merka «Miami Ink»-effekten ved at mange begynte å velje orientalske mønster som fisken koie og blomster.
– Det har vore på mote i verda sidan 50-talet, men det tok 70 år før det slo an i Norge. Ein kan kalle dei ei mote her no, men det har vore der heile tida.
Også portrett og minnetatoveringar har blitt populært.
– Folk ser det på TV og skaper eigne idéar, seier han.
Mange er også meir opptekne av å forklare motivval i dag. Ofte er det sørgjelege ting som at nokon i familien har gått bort, og folk brukar tatoveringa som eit overgangsritual.
– Det blir ofte veldig seriøst innhald. Men ofte er det greitt nok å ta ei tatovering fordi den er feit. At motivet er morosamt eller eksplosivt, og vekkjer ein respons i deg kan vere nok.
Det er langt frå alle idéar Tomas synest er gode.
– Eg synest ofte folk kjem med rimeleg håplause ting som sjølvsagt hadde vore feitare som plakat på rommet enn som tatovering.
Han meiner det er viktig å tenkje på at motivet skal lagast i eit uttrykk som passar til å sitje på kropp, slik at det får eit langt liv og er tydeleg og klart om 50 år. Ein skal leve med motivet, og derfor bør det vere positivt ladd. Det er ikkje alt Thomas tatoverer.
– Veldig negative eller hatrelaterte ting lagar eg ikkje. Folk kan vere i ein fase i livet der dei ikkje har det godt, og vel ting som dei ein dag vil ha eit negativt forhold til. Det vil ikkje eg lage. Også rusforherligande ting synest eg det er heilt meiningslaust å tatovere.
Det betyr ikkje at han ikkje tatoverer hovudskallar og liknande. Det kjem an på korleis han tolkar motiva. Han plasserer ikkje nåla i ansikt og har aldri tatovert innsida av underleppa på nokon, trass mange førespurnader.
– Eg ser på det som meiningslaust. Dessutan er det veldig intimt å skulle sitje så langt opp i trynet på nokon, så eg trur ikkje det ville vere ei god oppleving for meg.
Også mykje av fritida går med til kunst i form av måling i akvarell, olje eller akryl. Blant anna har han målt tre forskjellege platecover til band i Bergen.
– Eg elskar det. Eg trur det er mykje feitare å gå på Platekompaniet og sjå ei hylle med eigne motiv, enn å ha eit bilde hengande på Haustutstillinga.
Også i bybildet møter Tomas kunsten sin, og kan vise til ei vandrande utstilling blant folk. Men det som har gjort mest inntrykk gjennom åra som tatovør er menneska.
– Eg har lært mange menneske å kjenne. Eg har hatt ein ganske intim prat om yrker, livssyn og høyrt mange gripande historier om kva folk har gått gjennom. Det har eg prøvd å bruke til å utvikle min eigen personlegdom. Det er gåva eg har fått for å kunne tatovere.
Tomas er tatovøren som aldri blei grafisk designar slik først tenkt, men utdanninga har likevel vore betydningsfull.
– Eg ser at eg har brukt alle aspekt ved utdanninga i yrket mitt. Det er eit viktig poeng. Når folk utdannar seg til noko og ikkje får jobb kan ein heilt sikkert bruke kunnskapen og erfaringa i eit anna yrke. Kanskje har du eit fortrinn eller ein unik kvalitet i forhold til andre.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.