Mest aktive brukere »

Portrett.

Det nye livet i Bergen

Foto: ØYVIND S. STOKKE-ZAHL

Tine Blomfeldt byta ut Uggs, boblejakke og champagne i Asker med bæsjebleier, allversjakke og sakspapir i Bergen. Sidan har ho aldri sett seg tilbake.

Tekst: ALICE TEGLE
Sist oppdatert: 09.02.11 kl. 02.35

– Vil du ha vatn? Då må du seie takk. Kan du seie takk?

Tine Blomfeldt stryk dottera Tiril (2,5) over dei brune lokkene. Dei ser på kvarandre og smiler.

– Takk. Tusen takk, svarer Tiril, og set seg godt til rette i armkroken til mor.

Vi er ikkje heime hos ein kjernefamilie på landsbygda i etterkrigstida, men på Fantoft hos Tine Blomfeldt, leiaren for Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (Sp-UiB), Her bur ho med kjærast og to små barn. I dag er leikene rydda bort, bordet dekka med kaffi og druer og levande lys. Det er tid for fredagskos.

– Vil du ha kaffi? spør Tine.

– Nei takk. Eg drikk ikkje kaffi.

– Det gjorde ikkje eg heller før dette året, men då eg høyrde UiB-rektor Sigmund Grønmo sa at universitetet gjekk rundt på kaffi, tenkte eg at då kan eg og klare det.

Fastlåst i Asker

Det var ikkje gitt at livet skulle ta denne vegen for Tine då ho som tenåring vandra rundt i Asker saman med døtrene til Kjell Inge Røkke og Hallvard Flatland.

– Eg kjende meg veldig låst, fekk ikkje sjansen til å vere meg sjølv. Suksess blei målt etter om du hadde Uggs-sko og Gray Goose-jakke. Eg var vel ho som var med i gjengen, men med eine foten utanfor.

Tre ting var 18 år gamle Tine viss på.

– Eg skulle bli skodespelar, få born ung og gå frå bornefaren, for så å finne den store kjærleiken. Dei to siste stemmer i alle fall, fastslår Tine.

Ho drømde ikkje om politikk, og i alle fall ikkje studentpolitikk.

– Eg stilte til val som elevrådsrepresentant ein gong, men blei nedstemt, og då tenkte eg at dette vil eg ikkje vere med på.

Blomstra i Bergen

Men noko skjedde i Bergen. Det begynte som studentleiar for Det psykologiske fakultetet. Seinare blei ho oppfordra til å stille til val som leiar for Sp-UiB.

– Eg tok utfordringa, og såg at det gjekk bra. Den kjensla var så god at eg heldt fram med å utfordre meg sjølv.

Tine refererer ofte til psykologipensumet når ho snakkar om eige liv.

– Viss du tek ei utfordring, og synest det er gøy, då veit du at det er styrken din.

Tine representerer studentane i viktige avgjersler og høgtidelege doktorpromosjonar.

– Eg tenkjer slik at her har jo ikkje eg noko å gjere. Samtidig er det lett å tru ein er viktigare enn andre, men for all del. Det er viktig å tru ein kan gjere ein forskjell.

Tine nyanserer seg sjølv igjen, slik ho ofte gjer etter å ha kome med ei meiningsytring.

– Men eg trur det er lett å bli maktsjuk av slikt. Det er lett å få nykker. Studentane tenker kanskje «dei rare studentpolitikarane», men i møte med universitetsleiinga får vi mykje respekt.

– Har du aldri kjeda deg på møte du har vore i som studentrepresentant på universitetet?

– Joda. Det hender at spørsmålet om kvifor eg gjer dette, oppstår. Eg kjedar meg under opplesing av forskningsrapportar som eg opplever at ikkje angår studentane.

Nedprioriterer vener

Tine tek ein pause i pratinga, og trekk pusten seint to gonger.

– Du… Tiril… Må du bæsje?

Mor og dotter går inn på badet for å skifte bleie. Dei snakkar om kven som skal vere hest og kven som skal vere krokodille. Tilbake i sofaen tek Tine Tiril på fanget. Den travle 24-åringen vedgår at nokon gonger går krysspresset til hovudet på henne.

– I valveka for Sp-UiB hadde eg ein draum om at det var mange rom i leilegheita mi, og i alle saman sov det framande folk. Ahhh, tenkte eg då. Det var eit teikn på at eg hadde brukt for lite tid på dei viktigaste tinga i livet.

Sp-leiaren bråbremste. Ho sette seg ned ved kjøkkenbordet på Fantoft og skreiv ei prioriteringsliste.

– Nummer ein var ting som har med familien å gjere, nummer to Studentparlamentet og nummer tre var venner.

– Det dumme er at eg ikkje har så veldig mykje sosialt liv. Eg må liksom vere den kjipe som seier «kan ikkje du bare ta bybanen opp til Fantoft då? Vi kan drikke litt vin, og vi må vere stille, men det blir kjempegøy altså».

Rastlaus festing

Med delt foreldreansvar blir det likevel litt tid å tenke på seg sjølv. Er ein heldig kan ein sjå tobarnsmora ta heile runden frå Kvarteret til Vamoose til Baran og Biskopen.

– Når eg ikkje har Tiril er helgene veldig hektiske. Då har eg som regel lagt opp til noko, anten det er med kjærasten eller vener, poengterer Tine, og avbryt seg sjølv:

– Eg og ein kompis gjekk faktisk heim frå sentrum til Fantoft på torsdag fordi vi var fulle og ikkje rakk siste bybanen. Det må du få med! Eg er ikkje bare kjip studentpolitikar og småbornsmor som går ut i Studvest og seier folk ikkje må drikke seg dritings i fadderveka.

– Det gav den gode meistringskjensla?

– Nei. He he. Det gjorde eigentleg bare vondt i beina og eg hadde sting i ribbeina, ler ho.

24-åringen er glad det livet ikkje er kvardagskost.

– All festinga gjorde ikkje meg noko godt.

– Kvifor ikkje?

Tenkepause.

– Det var veldig…. Rastlaust kanskje. Eg kjende meg så tom innvendig. Når kvar dag blir ein fest, blir det ikkje like gøy lenger.

Gløymer seg sjølv

Kvar dag er det opp klokka 7 for å lage frukost til seg og Tiril, så tek dei bybanen ned til sentrum, leverer Tiril i barnehagen før Tine går på jobb på Studentsenteret. Så reiser dei heim, handlar middag. Halv åtte er Tiril i seng, då ventar sakspapir eller ein norsk romanklassikar.

– Det går slag i slag, men det er betre å fylle tida med noko ein liker å gjere. Eg pleier å seie at det er betre å ha god dårleg tid enn dårleg god tid. Det er ikkje noko eg heller ville brukt tida på.

– Kva er det beste med å vere småbornsmor?

– Oi. Det må vere at uansett kor dårleg dag eg har, og uansett kor sliten og lei eg er, er det alltid noko som får meg i godt humør, og det er Tiril.

Ho utdjupar, og ler litt. Igjen.

– Ein slepp å dvele ved eigen smerte, det er viktigare å passe på at Tiril har det bra.

Slik situasjonen er i dag ville ho ikkje ha byta livet sitt med nokon.

– Eg er veldig nøgd med å kombinere så mange ulike roller. Eg kunne gått og sakna Tiril når ho er borte, og sakna fridommen nå ho er her, men viss eg innstiller meg på det motsette, så innser eg at eg har fått alt.

TINE ØVERSETH BLOMFELDT
  • Født: 13. 03. 1986
  • Studerer: Helsepsykologi og helsefremjande arbeid på Det psykologiske fakultet, men har eitt års pause for å leie Studentparlamentet ved UiB.
  • Sivilstand: Sambuar med Arne (28) og sonen hans Eddie (7,5). Har sjølv dottera Tiril (2,5) frå tidlegare forhold.
  • Beste eigenskap: Eg trur eg er veldig pliktoppfyllande, og eg veit ikkje om det er ei sterk side, men eg har ein verdi om å møte andre med eit opent sinn.
  • Verste eigenskap: Skulle ønske eg ikkje lot meg påverke så lett, og så snakkar eg litt for mykje, og så må eg bli flinkare å seie frå viss noko plagar meg.
  • Redd for: Eg liker ikkje å vere fyllesjuk, for då klarer eg ikkje fokusere. Det skremmer meg.
  • Blir provosert av: Folk som kritiserer bare for å bryte ned utan samtidig å bygge opp.
  • Viss du blei statsminister for ein dag?
    - Eg burde vel fikse lovverket for papirlause flyktningar, men eg veit ikkje korleis eg gjer det. Eg ville nok gøymd meg. Tenk å måtte innfri motstridande forventningar frå alle hald.
  • Fun facts: Elskar å sjå MTV sine realityseriar om dating, bit neglar og er veldig dårleg til å mingle.
  • Om ti år?
    - Då er Tiril blitt såpass vaksen at ho ikkje vil ha noko med meg å gjere lenger. Huff, så då er eg karrierekvinne og bur framleis saman med Arne, som då er ferdigutdanna lege.
  • Karriekvinne og lege altså?
    - He he, ja. Kanskje eg må flytte tilbake til Asker likevel?
BILDER

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.