1) Gjeld ein munnleg avtale?
Ein munnleg avtale er like bindande som ein skriftleg, men det best å ha ein skriftleg. Då er det mogeleg å bevise kva som er avtalt.
2) Kor høg husleige kan utleigaren krevje?
Det finnast ingen makspris for leilegheiter i Bergen, men ein bør ikkje betale meir enn marknadspris.
3) Kor stort depositum kan utleigaren krevje?
Utleigar kan krevje maksimalt seks månader, men mellom ein og tre månader er meir vanleg. Utleigar skal betale for oppretting av depositumkonto.
4) Har utleigaren lov til å krevje tillegg for kabel-tv, offentlege avgifter, vaktmeister eller trappevask?
Nei, utleigar har ikkje lov til å krevje tillegg for dette. Det einaste det er lov å ta betalt for, i tillegg til husleiga, er utgifter til straum, brensel, vatn og avløp om desse vert betalt etter målt forbruk. Dette må avtalast ved inngåing av leigeforholdet. Det kan imidlertid ligge oppgåver i kontrakta, som til dømes trappevask eller vårreingjering.
5) Kva skal eg som leigetakar vedlikehalde? Du skal undersøkje røykvarslar og brannslukningsutstyr, samt bytte batteri i røykvarslarane. Du skal også vedlikehalde dørlåsar, kraner, vannklosett, elektriske kontakter og brytarar, varmtvatnsbehaldarar, laust inventar og utstyr. Med laust inventar og utstyr meinast til dømes alle møblar som tilhøyrer utleigar, kjøleskap og vaskemaskin. Vedlikehald av alt anna enn dette er det utleigar som har ansvaret for.
6) Kan kjærasten min flytte inn hos meg?
Utleigar kan ikkje nekte leigar å ta inn nær familie (ektefelle, partner, sambuar, barn, barnebarn, fosterbarn, adoptivbarn, foreldre eller besteforeldre) i husstanden, men å ta inn andre personar krev godkjenning frå utleigar. Vener eller sysken av leigar må tildømes verte godkjent av utleigar. Utleigar kan berre nekte å godkjenne innflyttinga om han har ein sakleg grunn, og den saklege grunnen er knytte til personen som skal flytte inn eller husrommet klart vert overbefolka.
7) Er det lov til å framleige bustaden?
Ja, men utleigar skal formelt godkjenne den eller dei ein framleiger til. Utleigar kan berre nekte å godkjenne leigeforholdet om han har ein sakleg grunn, og den saklege grunnen er knytte til personen som skal flytte inn.
8) Kan utleigaren når som helst låse seg inn hos meg?
Nei. Utleigar kan inspisere bustaden om han har ein sakleg grunn, men då må han varsle skriftleg først.
9) Kva bør eg gjere om eg oppdagar mugg i leilegheita?
Det beste er om ein kan unngå det før dette oppstår. Mange studentar brukar ikkje fasilitetane i leilegheita. Bruk opptrekksvifte. Luft godt. Oppdagar ein mugg, har ein plikt til å varsle. Dette gjerast best gjennom ein skriftleg reklamasjon. Då pliktar utleigar å utbetre dette.
10) Kva bør eg gjere om utleigar sett opp husleiga meir enn konsumprisindeksen?
Det er ikkje lovleg å krevje ein større auke enn konsumprisindeksen, med mindre du har leigd lenger enn to år og seks månader. I praksis betyr det at om du betalte 4500 kroner i juli i fjor, kan husleiga for juli 2010 ikkje aukast til meir enn 4586 kroner. Dette tilsvarar ei prisstigning på 1,9 prosent. Konsumprisindeksen og kalkulator for utrekning av ny leige finn du på Statistisk sentralbyrå sine internettsider: www.ssb.no
Kjelder: Kommunal- og regionaldepartementet, Stig Høisæther i Leieboerforeningen, Geir Grannes i BergenStudenten og Petter Rysst i Husleietvistutvalget.
Kjelde: www.bergenstudenten.no
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.