Kva er diwali?
Diwali er ein årleg hinduistisk festival der vi feirar lyset og gleden blant folk. Temaet er å spre ein bodskap om lykke blant venner og familie. Det er viktig å skape ein harmoni blant personar som er glade i kvarandre. Framfor å hylle ein gud, hyller vi lyset, men også våre forfedre fordi dei hadde visdom.
Kvifor er festivalen viktig i hinduismen?
Vi feirar lyset for å drepe mørket i sinnet. Mørket er uvitenheit og vi brukar lyset som eit symbol på innsikt og opplysning. Det er òg viktig for oss at alle som vil kan vere med på denne feiringa. Så lenge ein vil vere med å spre glede, kan ein vere med å feire.
Kva er ditt forhold til feringa?
Den betyr veldig mykje for meg, sikkert like mykje som jul betyr for ein kristen person. Eg har veldig gode minner rundt dette frå barndommen og det er vanleg at barna får godteri og gjerne nye klede.
Saknar du å feire diwali i India?
Eg skal vere i Norge eit år før eg reiser tilbake, så eg får nok alltids oppleve mange feiringar i India. Eg saknar det sjølvsagt litt, men på same tid fikk feiringa og stemninga på Fantoft meg til å føle at eg var tilbake i India.
Korleis pyntar de til denne festen?
Rundt i heile lokalet pyntar vi med levande lys i forskjellege storleikar. Fargar står også sentralt i dekorasjonen, mellom anna grønt, gult og oransje. Vi lagar òg rangoli som er ein sirkel, litt som ein blomst, av mange forskjellege fargar og rundt den står det mange lys. Når det gjeld antrekk bruker hinduar ofte tradisjonsrike drakter, saari og salwar kameez, og desse er også svært fargerike.
Korleis var festen på Fantoft?
Den var fantastisk. Vi hadde eit oppmøte på omlag 200 personar, og det var over all forventing. Eg trur vi samla folk frå stort sett alle verdsdelar, ikkje berre hinduar, så det var veldig positivt. Gjennom heile prosessen har vi hatt ein overveldande respons, og vi er veldig nøgde med gjennomføringa.
Kva stod på programmet?
Vi laga tradisjonsrik vegetarmat i diwali som heiter poori og paneer. I tillegg hadde vi leikar og konkurransar både for barn og litt eldre. Vi viste ein indisk Bollywood-film som heiter Paheli, og sjølvsagt dansa vi til indisk Bollywood-musikk. På slutten av kvelden delte vi ut premiar til vinnarane av konkurransane. For å få festen mest mulig lik feringa i India kjøpte vi òg inn stjerneskudd, fordi dette blir brukt i India og representerer lyset.
Studerer: Biologi.
Aktuell med: Arrangør av lysfestivalen Diwali på Fantoft 5. november.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.