Mest aktive brukere »

Ukens navn.

Film, fjernsyn, tegneserie og Gud

Foto: IDA ANDERSEN

Tekst: VILDE GRIMELID OPPEDAL
Sist oppdatert: 26.01.11 kl. 01.46
Kvifor har du valt å forske på religion og å sjå på religion i forhold til populærkulturen?

– Fordi det er spanande. Som boka syner så er det ikkje grenser for kva ein kan jobbe med. Ein finn religion i alle delar av samfunnet og kulturen. Det er i populærkulturen ein finn mykje av religionen i dag. Mange snakkar om sekularisering av samfunnet, men mykje av religionen har berre skifta stad. Han har flytta seg frå dei religiøse institusjonane til populærkulturen.

Kvar meiner du ein kan finne religion i populærkulturen?

– Det kan ein finne over alt. Ein finn blant anna religion i film, musikk, fjernsyn, fornøyelsesparkar, reklame og innan interiør.

Kvifor har religionen blitt teke inn i populærkulturen?

– Fordi det sel. Før var styrken til religionane at dei var dogmatiske, no er det deira svakheit fordi folk ikkje vil ha det lenger. Populærkulturen fyller eit vakuum for religiøse idear, utan at det er noko dogmatisk ved dei.

Trur du folk er klar over det religiøse elementet i populærkulturen?

– Nei, dei fleste er nok ikkje det. Men dersom ein ser på til dømes filmen «Brokeback Mountain», så er dette ei skildring av menneske sitt paradis som alle søkjer. Det har også regissøren Ang Lee sagt. Folk ser gjerne slike ting først når dei blir opplyste om det, men det påverkar dei sjølv om dei ikkje er klar over det også.

I ein kronikk i Dagbladet nemner du Disney. Kvar finn ein linken til religion der?

– Ein finn religion på alle nivå hos Disney. Det viktigaste er deira eiga draumetru, altså tru på trua i seg sjølv. Dersom ein ønskjer seg noko sterkt nok vil skjebnen gjere at det vil bli oppfylt. Dette ser ein både i filmane og fornøyelsesparkane deira. Og folk trur på dette. Når til dømes dødssjuke barn får eit siste ønskje gjennom «Make-A-Wish Foundation», ønskjer 45 prosent av desse seg noko Disney-relatert, sjølv om mange er oppvaksne i tradisjonelle kristne heimar.

Har religion blitt ein kommersiell ting?

– Det har det alltid vore, men no endå meir. Populærkulturen tilpassar seg etter kva slags tru som sel best. Tradisjonell religion prøver og nokre gonger å selje si tradisjonelle tru med bruk av populærkulturelle sjangrar, men det er ikkje like vellukka.

Finn ein dette også i norsk populærkultur, eller er det eit amerikansk fenomen?

– Ja, ein finn det også i Noreg. Ein har ei rekkje TV-program om healing og hekser, artistar med religiøs bodskap, som Bjørn Eidsvåg og Sissel Kyrkjebø, og bøker av til dømes Margit Sandemo og Tom Egeland som inneheld mange religiøse bodskap. Ein har også teaterstykke som «Jesus Christ Superstar» og «Svartediket» som trekk mykje folk.

Denne veka snakkar me med: Dag Øistein Endsjø
  • Yrke: Professor i religionsvitenskap ved Universitetet i Bergen.

  • Aktuell med: Boka «Det folk vil ha - Religion og populærkultur».

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.