Mest aktive brukere »

Ukens navn.

Kaffemisjonæren

Foto: EMIL WEATHERHEAD BREISTEIN

Tekst: SONDRE ÅKERVIK
Sist oppdatert: 12.01.11 kl. 00.10

Kaffemisjonen har allereie fire kafear i byen, og no opnar de enda ein. Er målet fullt hegemoni over kaffi-Bergen?

Hehe, kanskje det. Alle kafeane har jo ulike konsept alt etter kvar dei ligg i byen og kva som passar til det området. Men vi håpar at vi kan bidra til å løfte nivået på kaffi her i Bergen – også for andre aktørar. Vi skal forresten opne enda ein kafé like ovanfor SV-bygget i april. Studentar er ei viktig målgruppe, og vi føler at det manglar eit skikkeleg tilbod for kaffi i det området.

Fortel litt om det nye konseptet FILT.

FILT er ein ny stad som ligg vegg i vegg med Kaffemisjonen, og skal halde ope kvar laurdag. Det mest avanserte utstyret vi har her er ein vasskokar, så fokuset vil vere på kaffi, og ikkje utstyret. FILT er ei back to basics-tilnærming til det enkle. Vi har også berre fire sitteplassar, og grunnen til dette er at vi vil ha tett oppfølging av kundane med informasjon om kaffien dei drikk.

Så dette er ei slags nedsnobbing av kaffisnobberiet?

Det spørs om ein siktar til kaffisnobb som noko negativt. Vi er dedikerte og tar kaffi på alvor. Dette er ei meir positiv vinkling, for vi prøvar heile tida å vise fram det beste innan kaffi. Sidan «alle» drikk kaffi er det opp til oss å skape inntrykket av at det også kan vere noko spesielt. Vi vil ha fokus på svart kaffi, og kvar veke vel vi både tre ulike bryggemetodar og tre ulike kaffitypar som vi serverer til dei som kjem. Ettersom helgene er travle på Kaffemisjonen, hadde vi lyst til å starte eit prosjekt der vi tok oss tid til å snakke ordentleg med gjestane våre om den råvara vi arbeider med. Det er sjølvsagt muleg å kjøpe bryggeutstyr og kaffi også.

Kva synest du om kaffikulturen i Norge?

Folk har blitt flinkare til å stille krav til kaffien. I ein travel kvardag for mange er det nok lettare å ty til enkle løysingar, så det går på tilgjengelegheit. Det kan vere vanskeleg å få tak i det beste reint kvalitetsmessig når ein har lange dagar med jobb.

Som HF-student, er det lett å falle for freistinga å kjøpe dårleg kaffi, eller?

Hehe, det hender at eg kjøper ein SiB-kaffi for å få ein oppkvikkar, men eg lagar kaffi kvar morgon sjølv.

Korleis vart du så interessert i kaffi?

Då eg var 14 år hadde eg arbeidsveke på Kafé Dromedar, så det begynte vel eigentleg der. Då eg for tre år sidan begynte på Kaffemisjonen, fekk eg god oppfølging av dei tilsette, og fatta stor interesse for kaffi. Etter kvart har det blitt meir ein livsstil enn ein jobb. Eg er dedikert og veldig opptatt av kvalitet.

DENNE VEKA SNAKKAR VI MED: ODA MISJE HAUG
  • Alder: 20.
  • Studerer: Historie ved Universitet i Bergen.
  • Aktuelt som: Barista ved det nye kaffikonseptet FILT. Har vunne NM i baristakunst to år på rad.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.