Kva skjer på festplassen på onsdag 13. oktober?
– Vi skal ha 600 kvadratmeter lerret, 300 liter maling og i overkant av tusen bergensarar. Med dette skal vi sette ein Guinness-rekord der vi skal lage verdas største maleri med fotavtrykk.
De har vald Bryggen som motiv. Kvifor det?
– Frå Guinness si side er det ikkje berre NKF som blir kreditert med rekorden, men også byen Bergen. Og så treng vi jo hjelp frå bergensarane for å få til dette, så då tenkte vi at det var veldig fint at det er eit bergensmotiv, og Bryggen er jo noko dei fleste kjenner att.
Kvifor valde de å gjere akkurat dette?
– Vi gjer dette i samarbeid med TV-aksjonen som går til Flyktningehjelpen, der vi vel å sette foten ned og lage 43 000 fotavtrykk for å markere at det finst 43 millionar menneskje på flukt frå krig i verda. Vi er veldig takknemmelege for å ha fått til det samarbeidet med TV-aksjonen.
Kor skal de gjere av dette fot-maleriet?
– Rådhusveggen er ikkje stor nok, men vi fekk tilbod om å ha opp halvparten, for den er akkurat stor nok til det. Det ville vi veldig gjerne, men BIFF hadde vore ute eit par veker før, så dermed fekk dei den veggen. Vi kunne jo hengt den der seinare, men vi ville veldig gjerne ha den oppe under TV-aksjonen, så derfor har vi bestemt oss for å henge det opp på Ulriken.
Er du sikker på at de klarer å få nok folk til å vere med på dette?
– Eg er absolutt sikker på det. Bergensarane er veldig patriotiske og kjempeflinke til å stille opp på slike ting. Dei omfamnar slike ting i mykje større grad enn mange andre gjer. Utfordringa ligg nok mest hos oss og at vi skal klare å organisere dette.
Har du noko forhold til Guinness-rekordar frå før?
– Det er kult fordi det er veldig ekstremt, og så er det ei orgie i kreativitet. Folk finn på dei merkelegaste ting, og det er veldig fint at vi er så rare og så hemningslause. Eg synst det er veldig godt at menneskje emnar å leike på den måten. Også er det flott å vere del av den gjengen som gjer rare ting og får lov til å kome i Guinness' rekordbok.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.