Kvifor er Utdanning i Bergen med på Internasjonal Uke?
Vi er med på grunn av engasjement. Vi vil at studentane skal interessere seg for internasjonale spørsmål. Internasjonal Uke set mange spørsmål på dagsorden og bidrar til at studentane engasjerar seg. I Bergen har me eit utruleg stort internasjonalt miljø med mange utvekslingsstudentar, eg trur det er 120 nasjonar. Me arrangerar denne veka Bergen Student Food Competition og internasjonal quiz.
Kva skjer på Bergen Student Food Competition?
Studentlag lagar mat fra sitt land. Det er viktig for studentane å få vise fram stolte mattradisjonar. Alle lagar mat frå sitt eige heimland og dette kan være alt mogleg. Eg huskar nokre frå USA i fjor som lagde ein tradisjonell dessert, mens nokre frå Spania lagde ein spansk gryterett, medan studentar frå Frankrike hadde laga ein 3-rettars middag.
Kor mange forskjellige matrettar kjem det til å være i år?
Det er mellom 15 og 20 forskjellige land som er med, så det er vanskeleg å sei kor mange rettar det blir. Av og til lagar dei fleire rettar, og av og til berre dessert. Det er ei veldig god kulinarisk oppleving. No har me drevet med dette i 5-6 år og dette er ein fin måte å skape møteplassar på. Både norske og internasjonale studentar møtes her og lagar mat.
Så mat kan knyte folk saman?
Ja, ein treng jo mat for å leve, så alle er jo opptatt av det. Det engasjerer mange, og mange av dei som er her legg veldig mykje i det. Alle vil ha det beste kjøkkenet og vise fram sine kulinariske tradisjonar.
Kven er det som kan delta i konkurransen?
For å kunne delta må dei melde seg på heimesidene våre, slik at me får gjort klart bord og flag til dei kjem. Det er også eit par norske lag som er med, og det er nokre som samarbeidar. Eg veit at Tyskland og Austerrike skal samarbeide om å lage mat.
Kan du berre kome og ete maten gratis, sjølv om du ikkje deltar?
Ja, det kan du så absolutt. I fjor hadde me over 300 personar i publikum. Det er litt av poenget og, at folk skal få smake. Me prøver å ordne det slik at alle skal få smake mat frå minst to forskjellige land.
Korleis kan ein vinne ein matkonkurranse?
Det går veldig mykje på smak. Me har eit dommarpanel som dømmer kven som har den beste smaken. Det er også viktig at maten er presentert fint og at det er ei stor mengde. Det er viktig at dei lagar så mykje slik at mange kan smake.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.