Mest aktive brukere »

Ukens navn.

Realist med hjarte for dei svakaste

Denne uken snakker vi med: Paul Collier.

Tekst: INGRID EIDSHEIM DAAE
Sist oppdatert: 20.10.10 kl. 00.39

Kvifor så engasjert i utvikling og miljø?

Då eg skreiv mi førre bok, The Bottom Billion, byrja prisane på varer å auka, og no er det tydeleg at dette vil vedvara. Kampen om naturressursane vert viktig det neste tiåret. Problemet med naturressursar er at dei ikkje har naturlege eigarar, og lett kan utnyttast på ein måte som forringar nytta dei fattigaste og komande generasjonar kunne hatt av dei.

Slik du ser det, kva er den største utfordringa for fattige land i dag?

Det er to utfordringar. For det første må ein få på plass styresmakter som er meir opptekne av fellesskapet sitt beste enn sitt eige. For det andre må det byggjast opp eit sivilt samfunn der massane er informerte og kan pressa staten til å føra ein berekraftig politikk.

Korleis kan ein betra levekåra for dei fattige og samstundes sikra berekraftig utvikling?

Det treng ikkje vera nokon konflikt mellom dei to. Ved å skattleggja forbruk av naturressursar vil marknadsmekanismen føra til redusert konsum, og med dagens innovasjonsnivå trur eg karbonbasert energi vil vera utdatert om hundre år. Ressursar kombinert med reguleringar og teknologi er nøkkelen til velstand. Det viktige er å overlevera jorda til neste generasjon med lik verdi, ikkje nødvendigvis identisk som ein sjølv mottok henne. Det er greitt å pumpa opp olja om ein forvaltar verdiane på ein måte som kjem framtida til gode.

Så reguleringar er viktig, men du har ikkje sansen for kvotesystemet?

Nei. Kvoteutdeling fører berre til kamp om å riva til seg størst moglege kvotar. Ein bør heller satsa på eit globalt system der avgiftene på til dømes utslepp av klimagassar er omtrent like over heile verda. Då vil det å ureina mindre for å spara pengar koma i fokus.

Er det realistisk å få folk til å fokusera mindre på eigne interesser til fordel for fattige og framtidige generasjonar?

Ein ser at fattige rundt i verda er villege til å ofra mykje for at borna deira skal få det betre enn dei har hatt det sjølve, og eg trur at folk er naturlege forvaltarar, heller enn plyndrarar av jorda. Vanlege folk ser at det etisk riktige er å respektera rettane til dei som kjem etter oss.

Kvifor har du vald å koma til Bergen med bodskapen din?

Eg vart invitert hit, og eg likar å snakka til studentar. Dei er flinke med informasjonsteknologi, og vil enklare enn andre spreia bodskapen vidare. Dessutan er det passande å snakka om naturressursar i eit land som Noreg.

Paul Collier
  • Kva: Britisk sosialøkonom og professor ved University of Oxford.
  • Aktuell: Med boka «The Plundered Planet» som han nyleg har snakka om i Studentersamfunnet.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.