Blir det den kaldaste vinteren på 300 år, slik som ryktene seier?
Det ryktet har eg ikkje hørt, men me får vente og sjå på fasiten når vinteren er over.
Skulle ein ikkje tru at global oppvarming gjer det varmare?
Dei fleste trur sikkert det. Men dette er eit kompleks spørsmål. Sjølv om me får global oppvarming, vil det likevel bli vintrar der det blir snø og lave temperaturar.
Kva syns du om at me har hatt snø allereie i oktober?
Eg syns det er veldig spennande. Vær som er utanom det vanlege er moro. Oktober er fullt av kontrastar. No har jo me fått fint vær igjen sjølv om det også har vore snø.
Du har jo kjefta på bergensarane for at dei ikkje høyrer etter når de melder snø. Trur du dei høyrer meir etter dersom du syng oftare under værmeldingane?
Nei, det trur eg ikkje. Folk høyrer nok etter, men dei tar ikkje konsekvensane av det som blir sagt. Dei tenker etterpå - allright, kanskje me skulle hørt etter og skifta til vinterdekk likevel. Når me melder snø i oktober handlar det om å tenke litt etter «der oppe», og at det faktisk er sant.
Korleis held du vintervarmen?
Eg fyrer i peisen og kosar meg med vin og stearinlys. Så er det viktig å kle seg godt når ein skal ut. Eg har ein parkdress for vaksne som eg likar å gå med. Eg håpar me får masse snø slik at eg kan trave rundt i den.
Kva gjer du når det er stygt vær ute, held du deg inne, eller trossar du været uansett?
Eg held meg ikkje inne dersom eg har planlagt noko, så lenge det ikkje går på liv og død. Men eg kan ofte bruke været som ei unnskyldning dersom det er noko eg ikkje gidder å gjere.
Du har jo tidlegare sagt at ein kan sjå på bæra ute kor mykje snø det kjem til å komme om vinteren. Kva seier bæra om vinteren i Bergen?
I forhold til rognebæra, som er desse bærtegna, blir det ein lang og kald vinter. Så får me sjå om dette stemmer. Dette er jo litt utenom det me gjer, men det er moro. Værtegna går på at ein spår noko, og det er gøy å samalikne kven som får rett av vitskapen og folketrua.
Kva likar du best med vinteren?
Eg likar norske kalde kveldar med stjerner og ein stor lysande måne. Det likar eg best, dei klare kalde kveldane.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.