Mest aktive brukere »

Debatt.

Å vera eller vere

MARTIN ÅRSETH
Sist oppdatert: 13.04.11 kl. 01.24

I førre Studvest skriv nyhenderedaktør Gerd Margrete Tjeldflåt om denne nye rettskrivingsnorma i nynorsk. Eg vil rosa nyhenderedaktøren for å ta opp eit viktig tema. Det syner at Studvest er oppteken av språk. Flott! Eit par presiseringar er jamvel på sin plass, analysen hennar treng å fyllast ut.

Tjeldflåt framstellar arbeidet til nemnda som ferdig, det er ikkje riktig. Nemda har levert si innstilling til Språkrådet, og dei skal ta saka vidare til Kulturdepartementet. Norma vert realitetshandsama båe stader.

Det Tjeldflåt skriv om «ynskje» og «ønske», og «fylgje» og ikkje «følge» har nemnda «fiksa» ved å gjera j-en valfri. Det vil for det fyrste laga mange fleire former og difor større formsprik. For det andre vert det vanskelegare å skilje mellom substantiv og verb. Det er ikkje så enkelt at Tjeldflåt berre kan retta på eit ord eller to som irriterar ho, det får fylgjer andre stader. Språket må sjåast meir heilskapleg enn det. Dei som er spesielt interesserte kan ta ein titt på Voss Mållag sitt framlegg om ein tradisjonell og fylgjerett nynorsk.

Det er heilt rett at hovudføremålet var «å laga ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer», men det var òg fleire mindre prioriterte føremål i mandatet nemnda fekk. Til dømes «Breitt talemålsgrunnlag, mykje brukte former og ord, geografisk spreiing og skriftspråktradisjonar er difor blant dei viktigaste faktorane som skal balanserast i den nye norma». Nemnda har tolka mandatet noko annleis, og ikkje fulgt den prioriterte lista frå Språkrådet.

Me lærer ikkje språk av ordbøker og normendringar, men av å lesa og bruka det. Å klaga på nynorsken for valfridomen og formspriket vert heilt feil. Bokmålet har òg mykje valfridom. Det er mogleg å skriva «heim», «høg», «samd», «kjærleik», «stundom», «døme», «skilnad» og så bortetter, men det er etablert ein praksis om kva som er tillate og ikkje – heilt uavhengig av kva som står i bokmålsordlista. Ein slik praksis finst ikkje hjå nynorskbrukarane.

Skulen, media, offentlege verksemder og tenestemenn, samt andre som nyttar norma har stor innverknad på samfunnet som heilskap, men det er ikkje dimed sagt at det vert skrive kvalitetsnynorsk innanfor desse områda. Det trengs ei kompetanseheving, spesielt for offentlege tenestemenn og ikkje minst norsklærarar. Det trengs ei haldningsendring som gjer at forlaga som tingar omsetjingar av skulebøker tingar noko anna enn det som er nærmast mogleg bokmål. Det finst utfordringar utanfor rettskrivingsnorma som det bør gjerast noko med før me set i gang arbeidet med ei rettskrivingsnorm.

Som Ivar Aasen sa, «det skal gode Naser til å finna ein Veg i Myrkret». Me må ikkje gå oss vill i normeringsmyrkret, men lyfta hovudet og sjå andre stader òg. Takk, Ivar Aasen.

FAKTA
  • Martin Årseth er nestleiar i Studentmållaget i Bergen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.