Mest aktive brukere »

Debatt.

Ansvarsfråskriving frå HiB?

At HiB skal ha gjort vedtak om at dei ikkje vil ha SiB-treningsanlegg på Kronstad er direkte feil.

ANDERS KVERNMO LANGSET
Sist oppdatert: 25.04.12 kl. 00.33

Høgskolen i Bergen (HiB) er som kjent inne i ein stor omstillingsprosess fram mot samlokalisering i nytt bygg på Kronstad i 2014. I Studvest 28.03.12 kritiserer Line Møllerop, styremedlem i Bergensstudentenes Allianseidrettslag (BSI), HiB for å fråskrive seg ansvar fordi HiB ifølgje kronikken ikkje vil ha SiB-treningsanlegg på Kronstad. Kronikken viser til at HiB skal ha gjort vedtak om dette – det er direkte feil. På HiB er studentane involvert i alle avgjerande organ i samband med nybygget på Kronstad, og noko slikt vedtak er ikkje gjort. Kronikken baserar seg på eit oppslag på BSTV, som kun viser at det på noverande tidspunkt ikkje er starta bygging av eit treningsanlegg på Kronstad.

Arbeidet med å regulere dei siste 30 måla på Kronstad starta i vår, og er eit arbeid som er leia av Statsbygg Vest. Dette arbeidet kjem til å ta cirka to år, og i denne prosessen er også SiB med. Eg siterar frå HiB sine eigne nettsider: «Også Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) bidrar med innspel i prosessen. SiB ser for seg at denne delen blant anna kan innehalde velferdstilbod som studentbustader, treningssenter og barnehage.» Det er så langt ingenting som tilseier at HiB kjem til å gå mot eit treningsanlegg på Kronstad. BSTV-innslaget viste også at både Studentparlamentet og rektor Ole-Gunnar Søgnen håpa på eit løysing for dette.

Kronikken i Studvest la skulda for det manglande treningsanlegg på HiB, ei framstilling som blir noko enkel. Det er Statsbygg som er byggherre for dette prosjektet, og dei byggjer det etter oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. HiB si rolle i reguleringsarbeidet for dei siste måla, er å leggje fram høgskolen sine behov. Det er den same rolla som eg har vist til at SiB har i denne prosessen.

Difor er det viktig at brukarane, studentane og høgskolen, er tydelege på våre behov. I Studentparlamentet veit vi kva vi meiner om denne saka; vi meiner at SiB skal tilby et fullverdig treningsanlegg på Kronstad, som studentane kan bruke utanom undervisningstid. Dette er viktig av fleire grunnar, både for å skape ein levande campus også etter undervisningstid, og for at HiB skal bidra til studentidretten i Bergen på lik linje med dei andre institusjonane. Vi meiner difor at HiB skal tilby fristasjon til treningsanlegget, og at SiB skal stå for drift. Dette har vi også nedfelt i vårt prinsipprogram for dei neste to åra, med andre ord i åra fram til samlokalisering. Studentparlamentet er klare på at det slett ikkje er nok med ein liten gymsal til godt over 7000 studentar.

Vi vil avslutningsvis påpeike at ingen på HiB har ytra seg mot eit treningsanlegg på Kronstad, og vi meiner at det er uheldig med ein kronikk som gjev feilaktig informasjon. Studentparlamentet vil kjempe for at treningstilbodet til studentane i Bergen også i framtida skal vere best i landet, og vi vil ha eit treningsanlegg på Kronstad. Det ser vi fram til å kjempe for, saman med HiB.

Anders Kvernmo Langset er leiar i Studentparlamentet ved Høgskolen i Bergen.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.