I Studvest 1. februar har kulturjournalist Inga Nesheim ein kommentar om nynorsk, og det er med glede eg les dei gode orda ho skriv om eit språk som står meg og mange andre nær. Sjangeren ho skriv kan vera vanskeleg, så eg ynskjer å kommentera og utfylla litt på eit par poeng.
For det fyrste, medvite eller ikkje, er Nesheim inne på eit sentralt poeng i argumentasjonen kring sidemålsopplæringa – valfridom. Ho seier at ho ville vald nynorsk framføre bokmål, om ho berre var betre i nynorsk. Og det er flott! Men det er synd at sidemålsopplæringa er så dårleg at Nesheim, og mange andre med ho, ikkje har eit reelt val om kva språk dei vil skriva. Eg les med glede at ho vil skriva meir nynorsk i 2012, og eg vonar øving gjer meister. Fleire av medlemene i Studentmållaget i Bergen har byta frå bokmål til nynorsk, og var ikkje noko flinke i nynorsk før dei byta. Lukke til!
For det andre fortel Nesheim at «nynorsk er fint i dikt», ein påstand som kan gjera nynorsken ei bjørneteneste. Nesheim sjølv omtalar det som «flåsete» argumentasjon, og det meiner eg at ho gjer med rette. Noko som er viktig for meg, og for mange hundre tusen andre nynorskbrukarar, er å nytta språket til alt. For nynorsk er eit bruksspråk, ikkje eit museumsspråk eller diktspråk, men eit fullverdig språk til alle høve. Eg skriv ikkje dikt, men eg skriv tørre søknadar, og eg føretrekk å skriva dei på nynorsk. Sjølv om eg aldri har fått ein fransk poesiprofessor til å grina av dei – viss du ikkje reknar med å grina av keisemd.
Eg tykkjer det er flott at Nesheim oppmodar alle om å halda på nynorsken, og det vonar eg at fleire gjer. Det kjem ikkje heilt fram om Nesheim meiner at det viktigaste er innhald eller klang, men eg meiner no at det viktigaste er ikkje å høyrest klok ut, men å vera klok. Viss eg tyr til tårene av Olav H. Hauge, er det ikkje på grunn av klangen eller lyden, men på grunn av innhaldet. La nynorsken få vera eit fullverdig bruksspråk, so kan heller bokmålet få lov til å vera eit sært nisjespråk – fint i dikt.
Martin Årseth er nestleiar i Studentmållaget i Bergen
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.