Mest aktive brukere »

Debatt.

Det prepolitiske alternativet

SUNNIVA KAMBESTAD og ØYVIND WIIK HALVORSEN
Sist oppdatert: 09.02.11 kl. 02.34

I Studvest 26. januar skriv Thomas Georg Nordal ein kommentar kalla «Generasjon demonstrasjon». I kommentaren kjem Nordal med kritikk av det han hevdar er mangel på engasjement blant norske studentar. Nordal påpeikar med rette at Noreg skil seg frå resten av Europa av di nordmenn i liten grad engasjerer seg. Ein ser få gatedemonstrasjonar i Noreg, og studentane som før var uløyseleg knytt til slik aktivisme er lite synlege i samfunnsdebatten. Å trykkje «like» på Facebook har for mange vorte eit substitutt for reelt engasjement. Så langt er me samde med Nordal. Det me reagerer på er at han for lettvint set likskapsteikn mellom engasjement og massedemonstrasjonar. Me kjenner alle saman til mytane om 1968 og har merka kontrastane mellom studentengasjementet no og då. Likevel vil me hevde at desse har for stor definisjonsmakt over forståinga av reelt engasjement. Historiene om sekstiåttarane har sett ein evig standard for reelt engasjement, og denne standarden verkar det som om Nordal er bunden av. Samstundes siterer Nordal Mark Grief som seier at «Det virker umulig at vi må leve i stil med fortiden igjen og igjen», og åtvarar mot å tru at historia og originaliteten er over. Dette sitatet bryt med Nordal si eiga forståing av engasjement slik det kjem fram i teksten. Å halde oppe 1968-paradigmet og gjenta kva ein ikkje får til her i Noreg, vert nettopp å leve i stil med fortida, og er neppe særleg engasjerande.

«Vi er bedøvd av lykke» skriv Nordal. Er dette ei rimeleg slutning å trekkje? Rett nok inviterer ikkje vår samfunnssituasjon til å kaste seg ut i store demonstrasjonar. Likevel svarar nordmenn i undersøkingar at dei ikkje er meir lukkelege enn før. Lukka stig ikkje parallelt med materiell auke. Dette reiser spørsmål om kva som eigentleg skal til for å skape meining i tilværet.

Velferdsoverskotet gjev rom for å skape eit engasjement av ein annan type. Det har inga hensikt å demonstrere for demonstrasjonen si skuld berre for å halde oppe 1968-paradigmet. Vårt alternativ er å ta eit steg attende og reflektere over dei verdiar, idear og den hensikt som ligg til grunn for politikken. Det er dette som vert kalla det prepolitiske området. Det opnar opp for ein grunnleggande refleksjon over eigne standpunkt og rådande idear i samfunnet.

Massemediesamfunnet har gjort tilgangen på informasjon større og betre enn nokon gong, men desto vanskelegare å sortere ut den viktige informasjonen. Den fragmenterte og alltid oppdaterande mediesituasjonen gjer det nesten uråd for ein å få med seg samanhengar og setje seg grundig inn i aktuelle problemstillingar – i staden vert ein opphengt i einskildsaker og døgnpolitikk. Det prepolitiske er ein djupare refleksjon over problemstillingar som angår oss alle. Eigeninnsikt som vil klargjere føresetnadar for å nære oss det gode samfunnet, er målet her. Det er i nokre høve behov for å demonstrere, men minst like ofte behov for klargjerande debatt om prinsipielle standpunkt. Engasjement kjem også til uttrykk som fatning og refleksjon. Difor er det prepolitiske eit nødvendig og heilt naturleg alternativ i vår situasjon.

FAKTA
  • Sunniva Kambestad er bachelorstudent i filosofi.
  • Øyvind Wiik Halvorsen er masterstudent i nordisk litteratur.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.