Ein blomstrande studentkultur, ein oversiktleg by og ei rekkje ulike tilbod og aktivitetar er berre nokre av grunnane til at det er godt å studere i Bergen. Men å vera student i denne byen inneber også ein del utfordringar som har vore særleg tydelege ved starten på dette semesteret. Med over tusen studentar i kø for bustad, misnøye med «hybelifisering» av sentrum, dårleg sykkeltilbod og kollektivtilbod generelt, bør studentar tenke seg om to gongar før dei stemmer ved årets lokalval den 12. september.
Diverre står dekningsgrada av studentbustadar på staden kvil. Også når det gjeld kollektivtilbod er Bergen sist i klassen. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) har ein politikk som rettar seg mot begge desse utfordringane.
Me kjem til å prioritere ei solid utbygging av særleg det skinnegåande kollektivtilbodet, og vil ha bybane til alle bydelar. Me vil også bygge ut trolleybussnettet og etablere kollektivfelt på alle firefelts innfartsårer til byen, inkludert E39. Kollektivtrafikk er vegen å gå her i Bergen, særleg med tanke på det store luftforureiningsproblemet, men også for å møte globale klimautfordringar. Samstundes vil me at kommunen prioriterer regulering av tomter og å subsidiere ei høvande mengde studentbustader. Me ønskjer oss opp mot 10 000 nye studentbustader i Bergen, og desse må byggast ut langsmed noverande og framtidige bybaneakse. Å gjere det billegare og meir praktisk transportmessig å bu som student, fører på lang sikt med seg ei rekkje fordeler som mellom anna auka kompetanse blant studentar, samt redusering av bustadprisar i sentrum.
Miljøpartiet Dei Grøne legg miljø til grunn for utforminga av sin politikk, men har eit omfattande politisk program som famner om langt fleire saksområde enn naturvern. Miljø er ikkje berre skog og raudlisteartar, miljø er også samfunnet som heilskap. Grøn politikk er i dagens situasjon svar på svært mange av dei utfordringane kommunepolitikarane sit med, både når det gjeld t.d. arealplanlegging og sosialpolitikk.
Sykkelpolitikk er ein av kjernesakene til Dei Grøne, og vil også verke tydeleg inn på transportmogelegheitene til studentar. I tillegg til bustad og framkommelegheit, har MDG programfesta fleire lærlingplassar i kommunen og i Bergens næringsliv, samt å oppmuntre lokale småbedrifter til å samarbeide med studentane. Me vil leggje til rette for fleire forskingsinstitutt og støtte sosialt liv og kultur hjå studentar. Siste meiningsmålingar i BA og BT gjev MDG både eitt og to mandat i bystyret. Det gjer partiet til eit svært reelt alternativ i årets valkamp, og eit usedvanleg framtidsretta og attraktivt parti for studentar.
Dei Grøne skil seg frå andre parti, ved at politikken vår både er økonomisk og økologisk bærekraftig. Der andre parti grev skyttargraver, er me opptekne av å finna løysingar. Eg kan diverre ikkje sjå at dei andre partia klarar å innfri verken som studentparti eller som miljøparti. Difor vel eg å stemma på det partiet som forheld seg realistisk både økonomisk og miljømessig til studentbyen og miljøbyen Bergen. Det partiet er Miljøpartiet Dei Grøne.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.