Mest aktive brukere »

Debatt.

Elefant i kvefsebolet?

Tekst: TORA AASLAND
Sist oppdatert: 02.11.10 kl. 23.34

Språkblomstane veks fritt i Studvest si kommentar «Mange spørsmål, få svar» av Ole Jakob Skåtun (27. oktober). Det utdanningspolitiske landskapet er «eit kvepsebol fullt av viktige spørsmål», som «til saman utgjer ein gigantisk elefant». Etter mi meining er spørsmåla til Skåtun verken gode eller presise. Han har heller ikkje orden på fakta. Og svara er heilt fråverande. Eg vil kort gjennomgå kva eg meiner er dei store spørsmåla i den utdanningspolitiske debatten, og kva svar regjeringa har på desse.

«Utdanningsbølgja» er den viktigaste utfordringa i politikken for høgre utdanning (fleire unge og vaksne ynskjer å ta høgre utdanning og difor søkjer universitet og høgskular). Skåtun hevdar at høgare utdanning «ikkje er sexy» og meiner å vite at universitetspolitkkk berre er eit marginalt politisk tema. Eg veit ikkje om det kan kallast «sexy», men fakta er at den raudgrøne regjeringa vil ha oppretta nesten 18.000 studieplassar i perioden 2009-2015.

Regjeringa held difor godt tritt med den auka tilstrømminga til høgre utdanning. Statleg finansiering sikrar at forholdstalet mellom studentar og vitskapleg tilsette kan halde fram og kvaliteten kan haldast. Det er ikkje riktig at UiB har 3000 studentar utan basisfinansiering. UiB har færre studentar i dag enn da Kvalitetsreforma blei vedteke, men er i dag meir effektive – kvar student tar fleire studiepoeng. Dette har gitt UiB økonomisk vinst. Eg føreset faktisk at leiarane ved våre universitet og høgskular ikkje tar inn fleire studentar enn dei har kapasitet til, sjølv om finansieringssystemet gir utteljing for kvart studiepoeng som avleggast. Eg trur rektorane innser at dei må ha ein heilskapleg planlegging av studietilboda, og ikkje kan gå etter kortsiktig vinst i finansieringssystemet.

Den andre store ufordringa i politikken for høgre utdanning handlar om kvalitet. Skåtun går i den vanlege fella og reduserer spørsmålet om universitetsstatus til eit tal. Kor mange universitet vi har i landet heng nøye saman med kvalitet. Vi må ha undervisning av høg kvalitet og forsking i fremste klasse for at ein lærestad kan kalla seg universitet. Desse kriteria er klare og kjente, og eg ynskjer ikkje å endre desse. Samtidig er eg svært oppteken av at universitet og høgskular samarbeider, arbeidsdelar og konsentrerer ressursane betre enn i dag. Målsettinga er å skape meir robuste fagmiljø med sterkare kvalitet. Om kvaliteten er høg nok, er det ikkje lett å sjå kvifor det ikkje er rimelig at lærestader kan nytte universitetstittelen.

«Å finne svar på spørsmåla vi ikkje visste vi skulle stilt», er den tredje utfordinga vi står overfor. Dette handlar om å skape eit forskingssystem som tek høgd for dei ukjente resultata og gir forskarane rom for å følgje opp eigne idear. Difor gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga til open konkurransearena for framifrå forsking (kjent som Fripro) med 60 millionar i budsjettframlegget for neste år.

Til slut må vi legge til rette for studentane som utgjer morgondagens arbeidskraft. For tredje budsjett på rad er utbygginga av studentbustader på årleg nivå på rundt 1000 nye bustadar. Bergen er ein av byane som har fått mest løyvingar til studentbustader. Utgiftar til bustad er viktigast for studentanes økonomi. Når det gjeld studiefinansiering, har vi i neste års budsjett konsentrert oss om dei som treng det mest – studentar med nedsett funksjonsevne.

Ei regjering står framfor mange viktige utfordringar. Eg har heile regjeringa bak meg i arbeidet for å leggje grunnlaget for det vi skal leve av etter oljen – kunnskapen.

Fakta
  • Tora Aasland er statsråd for forsking og høgre utdanning.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.