Mest aktive brukere »

Debatt.

Fakta før fordømming

LIVAR BERGHEIM
Sist oppdatert: 13.04.11 kl. 01.23

Eg vart oppringt av Studvest 1. april for å kommentere oppretting av ei rein mannsforening eg ikkje hadde høyrt om. Og trudde først det var aprilsnarr sidan reine kjønnsforeningar verken er vanleg eller i tråd med vedteken likestillingspolitikk ved UiB. Sidan utgangspunktet var oppretting av ein fotballklubb for å skape eit betre sosialt miljø for å auke trivselen og minske fråfallet ved instituttet, stilte eg meg positiv til studentengasjementet i seg sjølv. Men eg presiserte kanskje ikkje tydeleg nok at i den grad det hadde direkte med studietilbodet og instituttet å gjere, måtte det vere ope for begge kjønn.

Eg orienterte deretter Likestillingskomiteen ved UiB om saka. Likestillingskomiteen har no gjeve ein uttale. Eg har også avtala møte med mannsforeninga for å få vite kva dei faktisk har tenkt å gjere — erfaringsmessig kan ein ikkje blindt gå ut frå at sjølv gode media som Studvest har fått med seg alle fakta. Eg skal gå gjennom likestillingskomiteen sin uttale saman med dei. Eg trur i utgangspunktet at denne foreninga også vil halde seg innanfor UiB sin vedtekne politikk og gjere nødvendige endringar av eigne planer.

Studvest ynskte tydlegvis at eg nærmast på sparket skulle kome med ei krass fordømming av den nystarta mannsforeninga. Det gjer eg ikkje verken med den eller andre nystarta foreningar før eg har undersøkt fakta i saka og gjeve «syndarane» høve til å gjere positive endringar.

FAKTA
  • Livar Bergheim er nestleiar og læringsmiljø- og likestillingsansvarleg i Studentparlamentet ved UiB.

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.