– Dei seier at vi ikkje får jobb, så no veit eg ikkje kva eg skal gjere. Hoppe av og prøve noko anna? Kanskje ta nokre fag på NHH? Alt verkar så håplaust!
Dette er eit typisk sitat frå samtalar med HF-studentar som kjem til rettleiing på Karrieresenteret. Den som heile tida får høyra at alt er vanskeleg og at framtidsutsiktene er så som så, byrjar etter kvart å tru på det sjølv. Så også med HF-studentene som i det siste har fått mykje negativ merksemd, både i Studvest og i andre medier. HF-kandidatane er mellom anna den gruppa som er mest mistilpassa i arbeidslivet, ifølgje kandidatundersøkinga til NIFU STEP. Smak på det ordet – mistilpassa! Du føler deg ikkje akkurat stinn av sjølvtillit etter å ha fått den merkelappen.
«Dei (studentane) gruar seg veldig og vil helst ikkje tenkje på kva som skjer etter studiane», seier leiaren for Humanistisk arbeidslivsutval i eit tidlegare Studvest.
På tide med litt motvekt. Visste du at rundt 40 prosent av HF-studentane fekk jobb før dei var ferdig med eksamen i 2007? Over halvparten begynte å søkje jobb før siste semester, og det er like tidleg som dei fleste andre studentar ved UiB. Over 25 prosent, altså kvar fjerde nyutdanna HF-ar, tjente meir enn 400 000 kroner. Slik kan ein også lese statistikk, her frå Karrieresenteret si kandidatundersøking i 2009 (ny kjem til hausten).
Heilt frå starten av har HF-studentane, ved sidan av SV-studentane, vore dei som flittigast har oppsøkt Karrieresenteret. Ikkje rart, sidan dei ikkje veit kva dei vil, vil mange hevda. Eller ein kan sjå det slik: HF-studentane er dei mest karrieremedvitne studentane fordi dei tidleg i studiane byrjar å tenkje på karrieren sin. Det viser seg ofte at dei veit veldig godt kva dei vil, dei treng berre ei bekrefting på at det høyrest fornuftig og mogeleg ut.
Det HF–studenten strevar mest med, er å formidla kva ho kan. Men det finst mange gode eksempler. Eg har høyrt studentar presentera masteroppgåva si som eit krevjande prosjekt dei har vore leiar for og fått anerkjennande nikk til svar frå representantar for næringslivet. Eg hugsar også nordiskstudenten som presenterte seg som «språkeksperten som kan hjelpa ingeniørane i bedriften å skrive rett». Eller kva med kulturvitaren som tilbyr seg å hjelpa bedriften med å forstå kulturen i land der verksemda ynskjer å etablera seg. Kreativiteten sit laust hos HF-studentane, berre den får næring.
Humanistisk arbeidslivsutval har nyleg invitert Karrieresenteret til å komma og snakka for studentane. Då skal vi gjere som dei gjer på NHH kvart år når dei nye studentane kjem: Fortelje dei kor gode dei er, at arbeidslivet treng dei og at dei vil få utfordrande oppgåver når dei er ferdige - at dei er gullet på Høyden. Får studentane høyra slikt ofte nok, tar det truleg ikkje lang tid før mismotet lettar og studentane byrjar å tru på det sjølv. Og oppføre seg deretter.
Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.