Mest aktive brukere »

Debatt.

Har UNE ei framtid?

Det verkar som UNE har det veldig travelt med å få barn og ungdom ut av landet så fort som mogeleg.

IVAR JØRDRE (RAUDT BERGEN)
Sist oppdatert: 28.09.10 kl. 13.51

Utlendingsnemnda (UNE) er ein norsk statleg domstolliknande nemnd oppretta 1. januar 2001 og underlagt Justis- og politidepartementet. Nemnda handsamar klager på Utlendingsdirektoratet sine vedtak etter reglane i utlendingslova og -forskrifta.

Utlendingsnemnda kan ikke bli instruert i enkeltsaker av Justis- og politidepartementet. Styring må foregå via lov og forskrift. Spørsmåla er om nemnda fungerar etter hensikta, om ho gjer rettferdige avgjersler, og om forskriftene er gode nok. Svaret er diverre meir nei enn ja.

Fleire døme illustrerar dette: To dommar i Oslo tingrett tidlegare i år slår fast at Utlendingsnemnda braut lova då dei ville kaste ut to barnefamiliar som har vore lenge i Noreg. Den eine familien har budd i Noreg i fem og eit halvt år. I tingretten har dei vunnet retten til å få bli i Norge, men UNE har enno ikkje gitt dei endeleg opphald. Den andre dommen viser også at Utlendingsnemnda i sine vurderingar ikkje samsvarar med Stortinget sine føresetnadar og intensjonar.

I 2006 bestemte eit breidt utval i Stortinget at omnsynet til barna skulle leggjast til grunn når ein vurderte om asylsøkjande barnefamiliar skulle få bli i Noreg. Det er klårt at dei har vore for strenge og det visar at innvandringspolitiske omsyn har kome attende slik at heilskapsvurderinga er for streng. Det verkar samstundes som UNE har det veldig travelt med å få barn og ungdom ut av landet så fort som mogeleg.

Dette bør sjølvsagt få konsekvensar for praksisen i UNE, og dei bør leggje om og innretta seg i samsvar med dei rettslege vurderingane som dommane byggjer på, uttalte advokaten til ein av familiane. Mange fekk opphald etter at Stortinget kom med de nye retningslinjene om omsynet til barn, men så endra rutinene seg brått. Noko direktør i Utlendingsnemda, Terje Skjeggestad, er ueinig i og seier kritikken ikkje er rettferdig, og at UNE vurderar å anke ein av dommane.

Ei anna sak er om UNE bør nedleggast og ein såkalla asyldomstol skal etablerast. Ein slik domstol kan vurdere saker meir i samsvar med FN sin høgkommissær for flyktningar sine tilrådningar og praksis, og vera meir konsentrert om juss og ikkje vera tett knyta til styresmaktene, og dermed verte påverka av politiske føringar. I Sverige vart det ein ny lovendring som gav grunnlaget for avvikling av den svenske Utlendingsnemnda og ein asyldomstol. Då fekk omlag 17 000 papirlause asylantar som hadde fått avslag prøvd sakene sine på nytt. Dei fekk då opphald og amnesti. Ein unngjekk då at prestisje vart ei vesentleg årsak for avslag og utsending. Det er mennesker sine rettar dette må handle om, ikkje populistiske innvandringspolitiske vindar!

Debattregler

  • Personhets har ingen plass i debattene våre. Ikke trolling eller injurier heller. Slike innlegg bidrar ikke til debatten og vil bli slettet.
    Innlegg som inneholder reklame, spam eller forsøk på verving vil bli slettet.
  • Rasistiske ytringer er forbudt etter norsk lov og vil bli slettet.
    Hvorfor sletter vi ikke alle dårlige innlegg?
  • Vi ønsker mest mulig åpne og inkluderende debatter med færrest mulig slettede innlegg. Vi sletter innlegg som bryter med loven eller våre etiske retningslinjer.

Gode kommentarer kan bli benyttet i papirutgaven.